bokanmeldse

Frigjerande, fornøyelege Fråid

Eg har lese ei bok som heiter SOGA OM FRÅID HANS MEININGAR OG LIVSKJENSLE som også inneheld somme salige stunder. Ho er skriven av forfattar Mona Høvring (Samlaget 2021). Mi bok er fått som eit lesareksemplar frå forlaget.

Boka rommar ein roman som er eit portrett av ein vanleg, uvanleg familie. Soga er skriven så eg får fargerike bilete i hovudet når eg les. Fråid bur i Urskogen 13 saman med faren sin August August Vulgaris og syskena sine Terje Eddipus og Eva. Men Vulgaris er ikkje alltid heime. Han treng å reise titt og ofte, til sjøs som ein sjømann. Ship O´hoi, tenkjer eg, når det blæs og stormar i kjenslene. Stemora Demona, som flyttar inn hos dei, vert vill og galen av det, somme tider. Ho er også noko heilt for seg sjølv.

Fråid saknar mora si, som drog sin veg. Dei får frå ho eit postkort kvar einaste jul, i Urskogen 13. Det er følsamt for Eddipus, og Fråid legg breva i ein Tupperware-boks i frysaren og merker han med «fragile».

Soga inneheld draumar, tyding, sprell og røyndom. Framandord blir nære gjennom ordspel. Det meir eller mindre umoglege, kvardagslege eller uvanlege, møtest: til dømes å skifte hårfarge og høgd etter humøret, som Demona gjer. 

Boka gir meg ei tro på at det ein strever med, kan ordne seg. Og samstundes, noko er alltid som før – som at skjora stæl – det kan ein lite på. Eg humrar og kvitrar som ein fjør som vert til fem høns, så mykje veks soga i meg. 

Boka er òg ein språkleg fest. Litteratur av dette slaget gjer leselivet særleg rikare. Eg kan nemne leik med kjende namn og fenomen som gir historia ekstra liv. Forfattaren pustar friskt inn i forteljinga med til dømes «Måna Lisa» og «Eddipus» og sjølvsagt «Fråid». 

Eg smiler, men veit ikkje om eg skjønar kor rikt det eigentleg er. Høvring spelar på så mange referansar at ein vert yr. Yr er også ei kjensle av glede for meg, så sjølv om ein ikkje kjenner alle referansar ut og inn, gir boka mykje meir enn ein kan forvente av ei vanleg lesestund. Eg vart underhaldt frå perm til perm og lattermusklane leika aerobic – på teamet til dei kriblande, gode kjenslene. Eg klappar hendene nøgd på magen min. 

Soga om Fråid gav meg kjensle av tryggleik og (sov i) ro, som ei god-natt-forteljing tryggjer barnet før ein seier god natt. Eg gir full pott på terningen. Det gir eg for originalitet, humor og bakanforliggjande alvor. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s