bokanmeldse

Som livet vandrar 

Eg har lese Kunsten å gå av forfattar Lars Amund Vaage (Forlaget Oktober 2002). Eg har lese to bøker av han før, Syngja og Sorg og song. Begge bøkene kom ut etter ho eg har lese no, så ein kan seie eg har gått bakover i arkivet denne gongen. Og opplevinga var verdt eit arkivdykk! 

Kunsten å gå handlar om Svein som vert sjuk som ung, han var vel framleis berre barnet då. Fleire gonger måtte han sendast på sjukehus. Han vart operert på sjukehuset og alle forventa han skulle klare seg bra etterpå. Men då klarte han plutseleg ikkje å gå. Han blei liggjande i senga og mor hans fann ut det var meir ork å kle han enn å late han liggja i berre dyna. Kvar dag låg han der, med føtene strekte ut og den mjuke gåsedunsdyna pakka godt rundt seg, før han fann sin eigen veg. 

Vegen gjekk ut til båtbyggjarane. Han var hos dei og fortalte dei stolt om blant anna far sin, som eigde butikken i bygda. Det var nemleg ikkje for kven som helst å driva butikk! 

Boka lever seg fram og tilbake i tid. Ho er om å kave, om å imponere (eller freiste å gjere det), om å vere forelska i den same som då ein var barn. Eg lever med eg, og minnest mi eiga farmor, som sa at tida går og vi går med. Eg får den same kjensla her, at ein står saman i livet, kor enn det tek oss, heilt til det ein dag ikkje skal vere meir. Til det ikkje rommar oss, når vår tid er omme. 

Fram til då, må eg berre gå på og leva. Verkeleg leva, syng det i meg, som om boka gav meg pågangsmot. Det er ein kunst, og det er denne boka og, men det er verdt strevet – det å skape og dele og vere i tilværet saman. Vaage har ei evne til å formidle ei historie samstundes som språket er vakkert, nesten syngjande. Eg kastar fem auge på terningen for romanen Kunsten å gå. 

En kommentar om “Som livet vandrar 

  1. Tilbaketråkk: Å arve eit eventyr 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s