bokanmeldse

Steinplukking, såing, oppvekst, skihopping, livsløyp, sjukdom, sau, kjærleik

Gjennom skule og skriving, kjem eg i kontakt med ein del forfattarar. Nokre vil eg gjerne bli meir kjend med også gjennom bøkene deira. Verte kjende i teksten, på ein måte. Eg leser og lærer å kjenne andre liv, andre skrivemåtar og blir inspirert til å skape både relasjonar og litteratur.

No har eg akkurat lese forfattar Sigmund Løvåsen sin første bok. Ho er ein roman som heiter Nyryddinga og kom ut i 2003 (Samlaget). Det har verte mange bøker frå Løvåsens «penn» seinare, men eg synst det var artig å ta eit dykk i startgropa eg, og kunne følgje på vidare i sporet fram mot i dag. 

Nyryddinga handlar om alt i overskrifta mi, inkludert: gardsdrift, barndom og sjukdom. Ti år gamle Geir bur saman med moren, faren og litlebroren på eit småbruk. Dei driv med sau. Far til Geir vert sjuk, det er noko med hjartet, som med bestefaren kanskje – han som er daud. 

Geir gjer alt han kan for at hjula skal haldas i gang, han vil hjelpe til med gardsdrifta så han og faren kan halde sau. Men foreldra bestemmer seg for å leggje ned bruket og eit kjent mønster skal verte borte. Vi følgjer Geir i hans forsøk på å teke ansvar og i hans barnlege verd. Eg får flire av gutestrekar eg ikkje har opplevd sjølv, og lære ord som pikkfuru. Eg humrar. Det er ein fest å lese denne boka, samstundes som alvoret og frykta ein kjenner som barn når foreldre vert sjuke er truverdig skildra og skinn klårt igjennom. 

Geir og kompisen Finn gjer ikkje opp. Dei vil redde garden. Og dei vil hoppe langt på ski! Denne barnlege miksen, med det nære og de store draumane. Summert opp: Dei vil verte både sauebønder og skihopparar når deg blir vaksne, dei må kanskje leige inn avløysar når dei deltek i verdscupen. Vi følgjer utviklinga deira, gjennom forelsking og bakkerekordar, og vi får vere vitne til korleis sjukdom verkar inn på kvardagen, kjenslelivet og sauehaldet. 

Nyryddinga er ei klok bok eg vil anbefale varmt vidare. Eg synst dei orda skildrar betre enn eit terningkast, men skal eg sette auge på terningen blir det i det minste fem. For Nyryddinga blei Løvåsen tildelt både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lyttaranes romanpris. Ingen startvanskar der i garden, med andre ord. I 2006 kom Brakk, også den på Samlaget, som er ein sjølvstendig oppfølgar til Nyryddinga. Eg skal lese han! 

En kommentar om “Steinplukking, såing, oppvekst, skihopping, livsløyp, sjukdom, sau, kjærleik

  1. Tilbaketråkk: For alt som har vore

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s