bokanmeldse

Ho som metta 

Eg har lese ei bok til i serien SKALDs klassikarar, som er ein serie av vellagra, handplukka bokverk i ei ny språkdrakt. Serien kler seg i nynorsk og eg likar nettopp det svært godt! Boka eg no har lese, trefte meg verkeleg. Ho er av japanske Fumiko Hayashi som levde frå 1903-1951, er omsett av Ika Kaminka, og heiter Lausgjengar Notat frå eit ustadig liv(Skald 2021). Boka har eg fått som eit lesareksemplar frå forlaget. (Les vidare under bileta.)

I den seinare tida, har eg vore merksam på annleis måtar å skrive til dømes ein roman på. Det ein kallar punktroman har eg titta på, og det å nytte element frå andre sjangrar i romanen, som dikt. Eg trudde nok det var nyskapande og representativt for særskild vår nyaste samtidslitteratur, men nyskapande var Hayashi allereie då ho levde. Lausgjengar er ein kollasj av ulike typar tekst. Dei både hoppar i tid og blandar sjangrar, som dikt, dagboknotat og novelleliknande forteljingar.

Boka er basert på forfattarens dagbøker som ho skreiv då ho flytta til Tokyo som nittenåring og freista leve av skrivinga si. Ho er driven av svelt og ein kan finne parallellar til Knut Hamsun sin roman Sult, som ho også sjølv nemner og refererer til i denne romanen. Ho gjer eit oppgjer mot den japanske tradisjonen med dagbøker om ulykkeleg kjærleik, og skriv meir brutalt og rått om eiget liv. Ho maktar å gjere nett det til ein god leseoppleving eg ikkje vil vere forutan.

Lausgjengar skildrar det turbulente livet til ei omstreifande, ung kvinne i Japan. Tidsrommet er lagt til 1920-talet. Hovudpersonen går frå arbeidsstad til arbeidsstad. Jobbane er kortvarige og dårleg betalte. Ho går heile tida ganske blakk og ho kjenner på vonbrot etter vonbrot, ønskjer seg ein til å syte for seg. Ho gir aldri opp og følgjer på etter lengten etter mat, eit stad å bu og kjærleiken sjølv. Hjartet mitt bankar mens eg les, eg elskar det humoristiske blikket og den presise poesien på eit liv som er vanskeleg å leve.

Venninnene hovudpersonen treff, er karakterar som er namngitt i romanen, mens mennene blir skildra på andre måtar. Til dømes «Han som forlét meg» eller «mannen.» Boka har modernistiske og kunstnariske ambisjonar, og for meg framstår ho som stor kunst eg vil dekorere leilegheita mi med. Men eg for nøye meg med å sette ho på ein fin plass i bokhylla.

Undersida av det japanske samfunnet kjem til overflata med denne boka. Vi får både eit bilete på samfunnsforholda i eit anna land samt rik litteratur frå eit strevande, og i stunda magert menneske med tanke på levemåten ho må stå i. Eg vil eigentleg gi boka ein seksar i terningkastet mitt, men landar på ein sterk femmar fordi eg synst det er vanskeleg å vite kven som snakkar først og sist i dialogane som skrivast ut. Absolutt ei bok alle som er interesserte i å ta vare på litteraturhistoria bør lese, og ei bok som gav meg kjensle av å verte ordrik og glad – mett og nøgd. Boka er eit «godt måltid» med mange namn på japanske rettar.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s