bokanmeldse

Store – og ikkje berre norske – litteraturreferansar

Eg har lese ei lita essaysamling om stor litteratur, særskild kjende og litt mindre kjente forfattarar og verka deira. No får dei merksemd, og også eg – lesaren. Miniatyrlesingar av Gunhild Øyehaug (Kolon forlag 2017, lesareksemplar frå forlaget) er nemleg 19 korte essay om små utdrag frå skjønnlitterære tekstar. 

Ein rekkje forfattarar blir miniatyrlesne her, av Øyehaug. Nokre vart nye kjenningar for meg, andre er forfattarar eg sjølv har lese mykje av forfattarskapen til tidlegare. Eg kan nemne nokre av forfattarane som får fokus i auga til Øyehaug, på dei omtrent 100 sidene mellom permane: Gro Dahle, Sissel Solbjørg Bjugn, Helle Helle, Sonja Åkesson (ho får vi forresten også eit godt musikktips til, tolking av hennar tekstar er spelt inn på ei plate eg fann i Spotify), Anne Carsson og Olav H. Hauge. 

Boka fabulerer rundt lesaren (der er byrjinga), kva litteratur er og om «korleis eit lite dikt kan drønne i ditt eige hjarte». Dikt som eg ser truleg vil få ei sånn tyding for meg no snart, er Sissel Solbjørg Bjugn sine dikt. Eg lo og smilte då eg las om henne her, og eg har ei stor samling med henne eg snart skal kose meg med som eg har ønskja meg lenge og endeleg har fått kjøpt meg. Og det er ikkje berre tull, disse dikta hennar, dei er store ting i små format. Det kjenner eg meg sikker på. 

Og det er også denne essaysamlinga. Store tankar skrivne i korte tekstar, reflekterte men ikkje langt utbroderte. Ei rask og god innføring i litteraturen omkring oss. Eg kunne ønskje at eksempla som er frå engelsk litteratur, hadde vert meir forklart på norsk òg sidan eg ikkje er ein kløppar på engelsk. Elles er boka slik eg liker han. Terningkast: Fem. 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s