Eg har lese Badesommar av Ruth Lillegraven (Samlaget 2023), ei diktbok som har mykje å fortelje. Ho er skriven for barn, har ei forståeleg form, men er også allmenn gyldig for heile spekter av eit menneskeliv.
Eg har tru på dikt som har noko dei vil seie. Denne samlinga utgjer også til saman ei større historie om å leve, frå lita til vaksen til gamal til ikkje noko meir.
Badesommar tek utgangspunkt frå Eg-personen. Ho har det trygt og godt saman med mormora si. Dei snakkar om ting som er gode og ting som er vanskelege å forstå, både at mormor ein gong var ung og at no skal ho ikkje leve så mykje lenger.
På same tida kjem ein liten bror til verda, som skal lære alt som Eg-personen har lært før. Eg-et fortel mormora si om noko ho ikkje kan. Ho er den einaste i klassen sin som ikkje kan symje. Då mormora får vite det, tek ho utfordringa på strak arm. Det står om livet! No må også mormora verkelig leve denne sommaren til det fulle! Saman byrjar dei tre å vente på sommaren.
Dikta fortel om å vere ung og om å vere gamal. Eit dikt eg likte spesielt godt, heiter Dokkene og handlar om at inni ein, er alle versjonane av det eit menneske er og har vore – småbarn, vaksen, gamal – sjølv om utanpå er mormor berre gamal. Eg smiler i babyull og rynker i eitt og same drag. Det handlar om å vere redd og om å tore. Kan det gå bra, i alt slags vatn livet byr på?
Eg frydar meg samstundes som eg kjenner på det skjøre livet, som er nett så fint at eg må gripe det her og no. Eg får tru på denne sommaren, som eg skal leve og lese for alt det er verdt, før hausten kjem med andre utfordringar, avslutningar og ikkje minste byrjingar. Terningkast 5 pluss.

