bokanmeldse

Kortvarig evig 

Eg har lese romanen På jorda er vi glimtvis vakre av Ocean Vuong (norsk utgåve Pelikanen forlag 2019).

Høyr han snakkar, eller sjå han skriv. Boka er eit opent brev frå ein son til ei mor som ikkje kan lese. Sonen, Veslehunden, skriv når han er i slutten av tjueåra og formidlar ei familiesoge. Ho startar før han sjølv kom til verda. Ho har utspring frå Vietnam og strekk seg til Connecticut i USA. Soga er innleiinga til delar av sonens liv som mora aldri har kjent.

Boka fortel om kjærleik. Boka fortel om homofili. Om skam. Om botnlaus kjærleik. Ho fortel om å vere forfattar. Om å vere kunstnar. Om smerter. Om pillemisbruk. Om å vere narkoman, sette skot, miste han ein elskar mest i ei overdose. Ein som forsvinn av for mykje og blir til ingenting eller mest: fortid, sakn og ei framtid som aldri vil kome.

Så fint det hadde vore om ein kunne dikte ei ny tid saman, ei ny byrjing, levande -det gjer boka meg lyst til. Eg ønskjer å tru på rekarniasjon, så mora kan lese sonens forteljing og få vere med i resten av historia. Kva vil kome, dei neste åra?

Romanen er skriven poetisk. Eg kunne plukka ut fleire setningar og fått dei til å vere sjølvstendige dikt eller mala det dei fortalte til storslagne bilete å hengje på veggen. Boka er rik på kjensler med ord som dei orda ertil ikkje kan bli forstått av, ord som eg kunne ønskje vi kunne formidle på ein ny måte saman. Slik at sånn forfatterens ord treff meg, kunne brevet frå sonen vorte overlevert i ei eller anna form til mora.

Det er litt rart, så dobbelt det eg no vil seie. Boka, med nett alt sitt glimtvise, er noko meir evig. Det vil eg ha med meg vidare i livet. I lesing, i skriving og i samtale og interaksjon med andre menneske. Det handlar om å prøve å forstå at vi er meir enn utanpå. Vi er andre til enn vietnamesisk som gjer han så annleis at mora ikkje vil han skal skilje seg ut på andre måtar i America. Som om det er gale nok i utgangspunktet. På same vis kan eg kjenne i meg sjølv, at noko ved meg skil seg ut og kan vere eit problem at eg difor må kompensere. Med å vere ekstra god, eller usynleg?

Boka er både sterk og sart. Eg vonar ho vert særskilt synleg for mange menneske som meg, som deg. Ho forutsett at ein konsentrere seg litt medan ein les fordi ho hoppar i tid og stad med mange glimt og ulike språklege bilete. Eg ramla ut og inn i dei flotte poetiske sveva. Eg flaug med når eg følgde med, gløtta opp til klar for nye vengeslag.

Eg vil byggje reir ikring kjærleiksorda og vone på framtida. Terningkast fem til ei bok som kan kome godt med i gode så vel som meir vonde dagar. Eg trøyster meg på at vi ikkje er aleine på jorda, trass vi mistar viktige menneske på livsvegen vår.

Legg igjen en kommentar