bokanmeldse

Sceneteppet – eg meiner hjartet mitt – går opp 

Eg vart engasjert av ei rett god ungdomsbok om å vere skeiv, mellom anna: Sceneskifte av Kari Mathilde Hestad (Samlaget 2023). 

Alex går på ungdomskulen og spelar i band. Ho brukar å sjå kjærasten sin Ronja når ho er ferdig med bandøvinga, Ronja sit og teiknar i skisseboka si. Men no er det ingen Ronja. Ikkje ei bok med svar i heller – ho har slått opp utan forklaring. Ho ventar ikkje på Alex noen stad.  

Straumar av vonde ord, reine hat-meldingar både munnleg og på mobilen, sleppes laus – treff Alex som kuler med beskjed om at ho er ei lesbe som skal late Ronja vere i fred. Eg kjenner eg vonar ho aldri trur verda hadde vore betre utan ho. 

Samstundes kjem Mika, ein ny gut, flyttande til bygda. Døra til øvingsrommet går opp att. Musikklæraren deira har invitert han inn. Ei ny takt tek til. Er det meir følelsar, søt musikk på ny? Kjenslene kriblar i Alex. Vent – likte ikkje Alex berre jenter? 

Alex er med heim til Mika der flyttekasser og malingspanna står på golvet. Faren syner fram eit fotoalbum, og der bur Mika som barn – med kvit og grøn kjole på seg. Ei annan historie om kjensler, kjønn og identitet har fått eit illustrert bilete som seier ganske mange ord. 

Menneska song og dansa framfor meg – til og med då tilværet deira var vondt å stå i og kjenslene ekstra vanskelege å skjøne. Det er fleirstemt konsert, menneska spelte seg heilt ut, det er ikkje spare på noko, og publikum – vennekrinsen i eit ungdomsmiljø – er krevande publikum. Scenene skifter frå moll til dur og kliner til med ekstra søt musikk somme tider – men skalaen snur fleire gongar i denne romanen, som livet sjølv er det både nedover og oppover.  Sceneskifte er difor ein truverdig ungdomsroman! No er eg klar for vidaregåande for: 

Eg trur eg skjøner, livet er komplekst. Likevel finst måtar å leve vidare på. Dystre teppe går opp, andre lys kjem inn. Igjen kan det verte mørkt, spøke som på Halloween – utan at verda reelt sett går heilt under. Vi fekk i denne romanen kome innom alle strengene på gitaren, også i heilspenn og sceneskrekk-sprekk! 

Boka er lett å lese, språket lev og leverer. Eg fekk full ballade, hard rock, skrikande black metal og dei søtaste boy band-songane på full guffe sjølv utan å skru på stereoanlegget i stova mi. Velkommen til ungdommeleg lesefest og indre sceneshow utan like! Terningkast fem.

Legg igjen en kommentar