Eg har lese Team Tuva av Marit Eikemo (Samlaget 2021).
Romanen handlar om Tuva, ei skilt to-barns-mor med eit hus som treng oppussing og ein kropp som brukar mykje tid på treningssenteret for å halde seg ved like og psykologitimar for å ha hovudet over – alt? Men også om enkeltmenneska i kring. Ho gjer innrykk, inntrykk på dei profesjonelle menneska i livet hennar: tannlegen, fastlegen, psykologen, advokaten, trenaren, bankrådgivaren, snikkaren og presten. Amen – i denne boka får dei kvar si røst, kvart sitt kapittel.
Når ho snakkar med presten for å avtale moras gravferd, gir ho han moras kaffiservise. Når ho er hos advokaten for å seie frå seg arven, finn ho og advokaten på å starte draumar om keramikkbutikk. Tuva legg at spor. Noko å satse vidare på når ein kjem heim etter arbeidsdagen, kanskje våge – og vinne? – sin eigen draum, sitt eiget liv.
Mykje går rett vest. Likevel, kjenner eg inst i meg eit stort smil for at Tuva er til her, men også at eg er. Eg ser at saman betyr menneska noko for kvarandre. Kvar og ein av oss, kan verte til duo-er. Til dømes kan ein litt einsam kunderådgivar i banken leve ut ein visjon om å freiste badetemperaturen på vinteren. Ho og Tuva har ein date, fredag klokka 17.
Hopp ut i det, eg har ein date med meg sjølv: Eg lovar meg å fortelje vidare om denne boka til folk som kjenner seg som ein byrde når dei går til legen, tannlegen, psykologen. Hei, vi er eit team! Vi treng kvarandre. Tek ein for laget. Bli med! Styrkande, sårt, lett og godt å lese. Terningkast 5.

