bokanmeldse

takkar og bukkar bruse 

Bukk & Sigd av Martin Ingebrigtsen (Samlaget 2023) er ei diktbok som tek lesarane med på heile prosessen frå skisse, dikt for dikt, til bok. No har eg lese og kvesser blyanten min for å skrive nokre ord om boka. 

Rettare sagt tastaturet (kan det kvessast?) tek eg som skrivereiskap. Eg stiller skjermen skarp. I Bukk & Sigd sit ein poet på heimekontoret. Eg ser ut av vindauget, mellom fingrane får eg sjå trea hans. Som også vert til ein grammatisk skrivefeil på nynorsk – eit dikt får heite «Du blir trær» (rett form er tre også i fleirtal). 

Bukk & Sigd. Søster og bror. Eg og du. Lever dei, vi, for kvarandre? Er eg her for fleire enn meg sjølv, har eg noko å seie frå eller til? Eg skriv ned nokre stikkord, eg teiknar eit familietre. På treet veks eit eple eg vil servere med sukker og kanel på (ei tidleg julegåve?). 

Boka syner Ingebrigtsens arbeid som poet, skrivelærar og gjendiktar. Eg lærer og smiler litt av all innsikta og skaparkrafta som finst også når det kjenst håplaust å få sagt det ein vil. Skrivelivet vert dramatisert framfor meg. Eg vart engasjert. No lever orda her hos meg. 

Boka er nedpå og realistisk med heile prosessen – all finpussinga, omskrivinga, gjentakingane – men også eit større og rikt eventyr. Slik livet er? Eg bøyer meg i støvet, bukkar og seier takk – takk for at eg fekk vere med på denne reisa, frå minne til bok. Som lesarar får vi sjå fleire kulturreferansar, frå superhelt-teikneseriar til filmvitskap. Vi reiser i sinn. Også våre eigne? I kofferten min vil eg pakke ei skisseblokk. Eg er klar for livets nye kapittel, skriftleg og illustrert. Terningkast 5. 

Legg igjen en kommentar