Eg har lese Pølsetjuven av Marianne Gretteberg Engedal (Samlaget 2019), ei bok som var vinnar av både Kulturdepartementets bildebokpris og Nynorsk barnelitteraturpris 2019.
Kjell er ni år. Han kjem frå ein tjuvfamilie. Kjell vil ikkje stele sjølv og prøver å få familien til å ha jobbar og kjøpe tinga dei treng og vil ha i stadet. Familien til Kjell pressar på så Kjell må stele frå venen sin Pølse-Per for å vere ein god nok Kjell i familien deira.
Dette likar ikkje Kjell. Han tør ikkje vere tjuv. Men han vågar noko modigare når han ønskjer å levere tilbake tjuvgodset. Kjell treff andre i skogen som ikkje likar den dei må vere. Han torer og vel å leve slik han sjølv ønskjer og skapar ein ny plass der alle kan få gjere det dei sjølv vil – som å omskolere seg og finne seg eit nytt yrke, verte tryllekunstnar for eksempel.
Ei fortryllande lita bok med mikset media. Teikneserie og bilete-bok i eitt. Teksten er kort og bileta utfyller forteljinga. Teikningane byr på artige detaljer, streken er morosam og illustrasjonane får meg til å smile også i det skumle undervegs.
Å få mot til å velje å vere den man er og ikkje berre den andre vil ein skal vere, kan trengest for både barn og vaksne. Eg vil ikkje påføre noko gruppepress, smiler eg og skriv: alle burde lese denne boka! Terningkast 5.

