Hausten er her med nye bøker og også nye forfattarar. Eg har lese debutromanen til Maren Barlien, Einbreid bru (Samlaget 2023). Boka mi er eit lesareksemplar frå forlaget.
Einbreid bru er om Astrid som flyktar frå forventingane heime. Til familien sin fortel ho at ho skal studere musikk i Reykjavik. Det ligg i forventningane at ho vil teke ein master, dottera av ein framifrå klassisk musikar som mellom anna spelar pianostykke av komponist Philip Glass!
Astrid har sikta seg mot den avsidesliggande garden til Gudmundur Gudmundsson, ein aldrande psykolog som driv med hestar. At ho var utan interesse for hestar kjem opp i dagen men ho får ri sine hestar – altså hans – og lærer seg å ikkje vere redd. Til å stole på både vert ho for både Gudmundur og dei tretten hestane samt seg sjølv.
I ei tid vert det stille på garden med mykje snø og lite å gjere for hestane. Då Gudmundur sin nevø Helli kjem innom, finn karane på at det kan vere artig for Astrid å prøve fisking og ho vert med til Helli for å vere med tidleg ut om morgonen.
Naturkreftene slår ut. Dei to vert isolerte heime hos Helli. Plutseleg anar Astrid ein annleis interesse frå hans side: Han høyrer My heart will go on på repeat og viagra-pillar ligg framme. Igjen kjem Astrid på akkord med eigen vilje og drivast på flukt. Å ikkje ville set Gudmundur og garden på spel.
Romanen fortel levande med psykologisk innsikt om traume akkompagnert med sterke naturbilete her og no. Lesinga vert ei tankevekkande, menneskelig naturoppleving! Idet ein fugleunge er med i vanskelege val og boka spelar ut det siste verset, syng eg vidare på ein avgjort og open etterklang. Terningkast 5!

