bokanmeldse

Eit levande skode 

Eg har lese Kristin Lavransdotter av Sigrid Undset, skodespel av Kjersti Horn og Kristian Lykkeslet Strømskaug omsett til nynorsk av Gunhild Øyehaug. (Kolon 2023, lesareksemplar frå forlaget).Det vart oppsetjing i stova mi – i hugen – mange kveldar på rad. Eg fekk vere i tankane frå ei anna tid, forut for meg sjølv. Før den avsluttande applausen min kjem (spoiler!), vil eg fortelje om boka.

Undset sin romantrilogi skreiv historie, bokstavleg talt. Verket er eitt av dei viktigaste og mest sentrale i norsk litteratur. Forteljinga om Kristin skildrar eit heilt menneskeliv. Lesarane vert kjend med ho frå før ho vart fødd, då mora mista dei første borna ho var gravid med, vidare til ungdom og springande kjærleik, gjennom vaksenliv med eigne fødslar og kampar å leve gjennom til dauden skil alt ad. Kristin si livshistorie er frå Noreg siste halvdel av 1300-talet.

Vi kjem med i kvardagsliv samstundes som dei store livsspørsmåla er vove inn, heile vegen, som parallell symbiose. Eg kjende romanpersonanes kjensler i eitt med dei ytre kulissane, i ei ramme og kontekst som kjentest truverdig og redd. Eg var tilskodar og augevitne til lengt, anger, tilgiving, sorg og store kjærleikserklæringar. Eg elska å lese! Trass at handlinga er lagt til sju hundre år før notida og sjølve romantrilogien vart skriven for over hundre år sidan, treff Undset spikaren på hovudet på det menneskelege og er framleis er ålmenngyldig. Eg vil også nemne at religion er formidla på ein måte som får meg til å tru – kanskje mest av alt på mennesket og krafta som held oss i live.

Alle dei tre delane av trilogien – Kransen (1920), Husfrue (1921) og Korset (1922) – er dramatisert i boka. Karakterane frå romanen har vorte med-forteljarar til kvarandre si historie. Midt i gravalvoret er det med det mange humoristiske gløtt. Det glimtar og glimrar for auga mine som stjerner som aldri sloknar – noko som lovar godt for eit stort, rikt litterært univers til æve tid! Eg smiler og lever meg med til uoverskodeleg mengd vidare litteraturhistorie.

Stykket vart oppsett Det Norske Teateret første gong hausten 2022. Det fekk eg ikkje høve til å sjå, men gler meg til eg skal førestilling same stad no på laurdag (09.09), og får oppleve ein av notidas romantriologiar i teaterform: Trilogien av Jon Fosse. Eg klappar for Undset i takksemd for å få lese og leve med i framleis gyldige bokstavar.

Kristin Lavransdotterer eit meisterverk i ny kostyme, ein udødeleg klassikar på nye, eigne bein. Eg set femmar på terningen min for særs levande leseoppleving som gav meirsmak. Eg har lyst til å lese sjølve romantrilogien med tid og stunder for å oppleve forteljar-perspektivet i originalutgåva attåt. Ein topp appetittvekkjar, eit fullgodt bokmåltid og applaus fleire heilaftnar verdig. Takk!

Legg igjen en kommentar