bokanmeldse

Naturleg og uventa som kyss

Eg har lese Eg rissa desse runene av Aina Basso (Samlaget 2023, lesareksemplar). Eg har tidlegare lese alle Basso sine romanar samt fleire sakprosabøker frå hennar penn. Ho er historikar og nyttar seg av kunnskapen sin når ho skriv. Eg rissa desse runene er fyrste novellesamlinga Basso har skrive og forteljingane har ekte, reelle historiske runeinnskrifter frå 1100- og 1200-talet som førelegg. 

Basso skriv i novellene fram mellomaldersamfunnet og korleis menneske kan ha brukt å leve då. Det  er ganske annleis enn vi lever no. Mest vart eg likevel overraska og jubla inni meg av at nett dette kunne eg relatere til og forstå! 

Eg skal forklare. Innskriftene som historiene har utgangspunkt frå er alt frå merkelappar – som kven som eig eit fiskegarn – til store kjærleikserklæringar. Eg fekk – med andre ord og med eigne auge – sjå mellom anna mann kysse mann og kvinne som ville vere ilag med kvinne, kjensler eg tenkte kom for dagen først i eit meir moderne samfunn. Å sjå og forstå at kjærleik har funnest i alle former til all tid gjorde meg glad for menneska og verda si skuld.

Eg vart med inn i rike menneskesinn og kom ut att med kjensla og stadfesting av at gledene og sorgene sånn fanst i mellomaldersamfunnet liknar også mine eigne. Eg trekkjer på smilebandet når eg no vil seie høgt og klart at eg elska novella Kyss meg. Då eg las at tannverken forsvann – implisitt i skuggen frå ei anna større glede – svann vondta mine for ei stund, ei rett god lesestund! 

Basso skriv truverdig. Sjølv det å gifte seg med Huldra læt naturleg når eg les det med det som kjenst som korrekte historiske rammer. Språket er levande nett som menneska Basso har given liv til i kvar og ei novelle. Novellene er skriven inn i kvarandre med at personar som fram i ein kjem att i andre også.

Eg ivrar etter å fortelje meir men eg vil opne for at alle skal kunne få ei nett overraskande, unik leseoppleving. Eg stansar difor utgreiinga her og seier god leselyst – fyrst! Så kan vi snakkast meir seinare. Før siste punktum set eg opp terningkast fem som vippar på seksaren på boka som eg personleg har merka av som favoritt i boksamlinga mi. 

Legg igjen en kommentar