Eg har lese Uønska åtferd av Olaug Nilssen (Samlaget 2023, lesareksemplar).
Velkommen inn, heim til Katrine, Gunnar, Jostein og Janne. Minus Janne? Ho vert oversett. Minus Jostein? Han gjer Janne utsett. Minus Katrine som ikkje får til å vere for båe barna?
Vi kjem inn i kvardagane – jamvel krisene – til familien på fire der sonen Jostein er psykisk utviklingshemma. Jostein treng meir enn alt! Hans behov krevjar full merksemd. Sånn er livet! Kor går grensa for kva ein skal ofre for eit barn?
Saman med puberteten kjem seksual-driftar fram hos Jostein. Då dei går utover søstera, er han over grensa for kva Gunnar lèt gå heime. Det vert søkt plass i ein tilpassa bustad med personale. Medan dei ventar på annan heim for Jostein, flyktar Katrine ut på hytta med Jostein og utfordringane åleine. Kva skjer når ein ofrar alt – også seg sjølv – på kostnad av ein annan?
Skildringane er nære og vakre – som til dømes når Janne jublar når broren klarar å føre skeia med tomatsuppe til munnen, fleire gongar på rad! Boka syner meistring, fellesskap, å gje og å få. Eg fekk ein klump i meg og ei kjensle av å kunne identifisere meg – men med kven?
Romanen er nett slik at eg kjenner med fleire karakterar vekselvis og på same tid. At det går an! Situasjonen er mildt sagt kompleks. Enkeltmenneska står på spill. Ingen er vinnarar. Alle er offer for omsorgas pris.
Romanen er skriven med innsikt, varme og skråperspektiv. Eg opplevde ubehag nett fordi eg levde meg inn. Samstundes opplevde eg glede og meistring av å få kjenne med heile meg! Uønska åtferd er ei ope bok å søkke ned i og saman med og jamvel ei bok å verte løfta meir opplyst opp frå.
Uansett kor vondt eller godt det kan vere å kjenne på den her delen av verkelegheita, er det naudsynt å framsnakke verdien av å få vite om fleire slags liv. No veit eg at ein kan greie mykje, men mest ikkje heilt åleine.
Språket er ærleg. Innsikta unik. Formidlingsevna upåklageleg. Eg vart med på songar frå Disney-filmen Frost som i boka vart spelt på repeat i bilen. Kan eg høyre meir, høyre til? Eg går ikkje solo. Eg tek del. Med Katrine si betre omsetning syng eg: Slepp det laus, slepp det laus! Terningkast 5.

