bokanmeldse

Leve, streve, sovne inn og sveve

Eg har opplevd verknadsfullt, godt lesedrama. Gunnhild, kona til Eirik Blodøks av Gunnhild Øyehaug (Kolon 2023, lesareksemplar) har eg nett lese. Boka byr på eit sprudlande, høgst levande skodespel på tampen av livet. 
  
Boka startar friskt i sjuke omgivnadar. Dronning Gunnhild, kona til Eirik Blodøks, vaknar i ei sjukeheimsseng i eit blandingstidpunkt mellom år 900 og vår tid. Ho anar at hovudfienden hennar, skalden Egil Skallagrimsson – han som gjorde at ho har ettermæle som vond, maktgrisk og herskesjuk dronning – er på veg. No – før det er for seint – vil ho gjere noko med omdømmet og med Skallagrimsson sjølv.

Tenaren hennar Apollonia – som var advokaten til Baudelaire i rettssaka mot han i 1857 – hjelper til trass i at ho ikkje har meir hemntankar att. Rottejomfrua dukkar også opp med spørsmål om kva som gneg inst i hugen. Eg vart tenkande på ting eg sjølv ikkje slepp taket i, som eg balar med i det evinnelege. Eg får ei kjensle under lesinga av håplause og makteslause, det som Gunnhild kjenner på i å ha vore gale framstilt litterært og i livet. Kan eg skrive fram meir rettferd?

Boka funkar som feministisk kritikk av historias kvinneframstilling. I lesinga av skodespelet lyser eg opp av forsøka på å teke makta tilbake. Alle fortener å få fortelje historia si sjølv og dronning Gunnhild gjer det både til spott – jamvel av seg sjølv – og til glans.

Eg bukkar audmjukt, humrar og klappar i hendene mine. Gunnhild, kona til Eirik Blodøks er ikkje ei sur og tverr bok enno dronning Gunnhild har mykje å klage på Egilssoga for. Boka er lystig, morosam og herleg frekk. Nokre gongar er ho så vilter at ho for meg var vanskeleg å følgje, men uansett ein ekte lese-fest heile vegen. Boka overraska og skodespelet sette meg ut av spel fleire gongar, nesten stum vart eg då! Så lo eg brått høgt, til dømes då det vart sagt dei var på sjukeheimen og det vart svart dei trudde dei var i år 900 som då vart etterfølgt av at det var vel same saken! 

Boka set seg for meg som ein utfordrande, underhaldande og glad leseoppleving eg seint vil gløyme – vonar eg! Minn meg på dette om eg ein dag vert senil. Boka er både til å identifisere seg med og til å verte heilt overraska av. Det er ein magisk kombinasjon som gjer meg meir bevisst på livets mangfald – også i eg-et eg. Her sit eg og set: Terningkast 5.

Legg igjen en kommentar