bokanmeldse

Royalt, jovialt invitert

Eg las Arvid Mæland sin bok Mitt liv som Cowboy, fortalt til Håvard Ovesen (Samlaget 2023, lesareksemplar) og vart riven med, driven til å gjere mest ut av livet og alt som er! Vil du vere med i leseopplevinga mi, kanskje finne ut meir om Arvid med?

Boka, og Arvid, er ført
 i pennen av journalist Ovesen, i munnleg tone som snakkar rett til meg, til deg? Eg trur ikkje Arvid gjer forskjell på oss. Om vi er folk flest eller dronningar spelar ingen rolle. Eg vart inkludert, invitert og med på nedturar, Amerika-draumar, heisaturar og full fest med artige konsept heime og ute. Arvid sjarmerer, engasjerer, innvier og gir seg ikkje med det fyrste. Eg sette meg betre til rette medan eg flaug rundt over heile verda i ideane hans. 

Fleire kjenner Arvid frå tv-serien Cowboyen og kongen på NRK. Eg såg ikkje han då han gjekk men eg vil no – etter å ha oppteke Arvid gjennom boka – sjå serien nokre haustkveldar. Bonden, reiseleiaren og jærbuen – ein mann med mange jern i elden har mange titlar – bur langt frå folk men har jamvel menneska kjær, bryr seg om både omgivnadane og innbyggjarane. Ein gong media var på besøk i området, nemnte Arvid til NRK at det hadde vore fint med kong Harald som ein statue i fjellet. Kongen i fjellet vart til ein draum som vart meir og meir levande når folk fekk vete om han. Kanskje står Noregs konge der om nokre år? Om eg ropar i fjellet, vonar eg å få ekko-svar frå kongen framfor frå troll. 

Arvid har fleire idear som verkar ville på folk flest. Han er litt ville vesten, han er litt cowboy. Arvid har alt i hovudet, og det kan gå litt i ball med avtalar. Det irriterer fleire på nakken. Han har vore i konflikt og tapt ein del pengar på grunn av det. 

Måten hans å vere på, gjer jamvel at han får gjort mykje – og det på nærast rekordtid. Allereie før han byrja på skulen, kunne han køyre bil. Han fekk sine første sauer som seksåring og hadde sjølv ansvaret for dei. Som 12-åring hadde han eiget grisehus han sjølv forpakta. Han flytta for seg sjølv på eigen gard før han var vaksen – 16 år gammal. Som vaksen fekk han ADHD-diagnose. 

Boka er eit menneskeportrett, ei livsforteljing som lukkeleg ikkje sluttar her! Ho er eit friskt pust i bokhylla meir enn noko sjukdomslitteratur. Samstundes gir ho meg ei forståing av korleis det kan vere å ha eit hovud på høggir og loppar i blodet. Eg hoppa i stolen, lo og kosa meg over Arvid sine spel med sjølvinnsikt. 

Då eg la boka frå meg, erklærte eg til dei andre i stova: Livet er ein lesefest! Andletet mitt var eit smilefjes med glimt i auget og eg sette terningkast 5 pluss. 

Legg igjen en kommentar