bokanmeldse

Innafor, her vil eg vere 

Eg har lese Kant av Jon Fosse (Samlaget 2005), godt og vakkert illustrert av Akin Düzakin. 

Eg sit og tenkjer. Eg tenkjer på kven som er eg og kvar barnet eg har gjort av seg. Eg tenkjer på om eg framleis er innanfor kantane av mennesket meg og framleis får vere til, om ikkje i det uendeleg, så i alle fall livet mitt ut. 

Kristoffer er åtte år, ligg om kvelden og skal lese Donald. Han endar mest med å tenkje på verdsrommet i stadet. Det gjer han redd. Kor ender verdsrommet? Alt har vel ei ende, ein kant. Kva er utanfor kanten?   

I rommet ved sida av Kristoffers, sit faren og les. Han må stadig inn til guten sin og svare på spørsmåla hans. Han har lese Kant, og seier at Kristoffer kan lese bøkene hans seinare, verte filosof kanskje og tenkje meir. Men Kristoffer trur ikkje han likar å tenkje. 

Faren les mange bøker. Likevel er ikkje alle svara å finne. Svaret denne kvelden vert at ein ikkje kan forstå alt. Korkje barn eller vaksne – nett fordi vi er menneske. Men vi finst, og det er det viktigaste. 

Eg klyp meg i armen, ja her er eg. Eg ser ei rynke i panna og eit smil når eg speglar meg og i vindaugsruta. Eg ser lyst ut på framtida, sjølv i svartaste mørkeret som kjem så tidleg i den siste haustmånaden. Eg vonar på stjerneklare vinternetter. 

Fosse tek oss innanfor tenkjeverda til Kristoffer og får til ein dialog mellom barn og vaksen. Eg har meir å snakke om, og leve for. Nett berre ved å vere til. Eg set terningkast seks og vil nytte anledninga til å gratulere Jon Fosse med Nobelprisen i litteratur 2023. Eg er takksam for at nett han fekk prisen.

Legg igjen en kommentar