bokanmeldse

Sidespor og hovudspor 

Eg har lese Blodspora frå Dagaliveien Rushdie-saka og attentatet mot William Nygaard av Odd Isungset (Samlaget 2023) og fått oppleve eg er meir fenga av krim frå verkelegheita enn kriminalromanar nokon har dikta opp. Eg vil følgje ekstra godt med i nyheitsbiletet – særskilt ikring ytringsfridom og konsekvensar som kjem om verda vert trua til stillheit. Eg vil snakke, også om boka eg no har lese! Kanskje vert høgttenking og open dialog til føljetong?

11. oktober 1993 vart forlagsredaktør William Nygaard skoten utanfor heimen sin i Dagaliveien i Oslo. Attentatet vart kopla til fatwaen mot Salman Rushdie, forfattaren som har skrive romanen Sataniske vers som vart funnen krenkande blant nokre muslimar og skapte sterke reaksjonar frå Iran. Saka er framleis uløyst som også ei gåte – at fleire spor ikkje er følgd opp til dømes er overraskande og urovekkande.

Blodspora frå Dagaliveien er ei særs viktig bok. Ho viser både svakt politiarbeid, politisk feigskap og manglande journalistisk interesse i ei særs sentral ytringsfridomssak i vår tid. Når teier vi og kvifor? Boka er balansert og tek for seg fleire forhald og hendingar. Vi vert som lesarar med i sakas gang og eg får liksom vere med som etterforskar, journalist og medmenneske i alt og eitt.

Då Salman Rushdie vart knivstukken i 2022, følgde eg sjølv saka i sosiale media. Eg kjende meg som del av ein fellesskap med andre forfattarar. Saman må vi kjempe for retten til å skrive om det som kjenst rett og viktig – sjølv om kanskje uønskt for nokon. Terningkast fem, med feit font på prikkane.

Legg igjen en kommentar