bokanmeldse

Nett no 

Eg har nett lese Andre tider Poetisk album (Samlaget 2023) av Einar Økland.

Boka er ei diktsamling å sjå livet framfor seg – og tilbake att – med. Dikta spring frå barndom til meir vaksne erfaringar. Vi får høyre barnets spørjemåtar. Vi får vere med å svare. Eg ville i alle fall fleire gongar gripe blyanten sjølv, og dikte mine eigne bilete på liv – framleis laga.

Økland skriv historier ut i dikta med ordbilete som er annleis og verdige min ettertanke. I nået vart eg fleire gongar overraska samstundes med å sitte med kjensla av: aha – slik er det å vere barn, å vekse, å verte vaksen og å gå inn i nye dagar som alle har vore like gamle.

Andre tider er ei bok for dei gode gamle dagane og dei reine og ubrukte som for meg framfor håpefullt står. Terningkast 5.

Legg igjen en kommentar