Eg har lese Odel av Dordi Strøm (Samlaget 2023). Det vart ei naturleg god leseoppleving, på fleire måtar. Romanen tok meg gjennom livets gang samstundes som eg fekk reise i fleire element. I boka kjem kattens perspektiv og fotografia sine svar som vanleg tale – slik alt eigentleg påverkar oss, utan att vi brukar å seie det rakt ut, naturlegvis.
På garden Stein bur Olov og Inga. Dei byrjar å verte eldre og har to vaksne born, Ommund og Odel. Odel er den beste jagaren og kjenner fjellet som sitt eiget hjarte. Ho hjelper til når nokon i jaktlaget bommar og skateskot hjortane.
Likevel finst ikkje Odel alltid til på garden når ho trengst. Då ho var 18 år, drog ho i veg for å studere til lærar. Vidare kjem og går ho og ein veit ikkje heilt om ho kjem att, kva tid som helst om nokon gong!
Ei til ventar på Odel på garden – Liv, dottera ho fekk då ho var berre 15 år gamal. Kven er faren hennar? Liv søker svar og i draumar ser ho Odel på nært hald. I hundekorga under kjøkenbordet eller framfor elden i kammerset lagar ho forklaringar og historier på livet.
Resultatet er ei levande bok, også når ho er innom døden, som eg likte særskilt godt å lese. Eg sit at ettertenksam, drøymande og takksam på same tida. Terningkast mellom femmaren og seksaren frå meg. Boka er forresten nominert til Lytternes romanpris 2023.

