bokanmeldse

Auge på kjærleik

Eg har lese kjærleikshistoria over alle kjærleikshistorier – Romeo og Julie av William Shakespeare, gjendikta på nynorsk av Edvard Hoem (Forlaget oktober) – fyrste gong utgitt i 1985. Mi utgåve er frå 2016, som eg lukkeleg kom over i butikken på Det norske teateret no i desember. 

Historia om dei to unge som elska kvarandre sjølv om familiane deira var fiendar, kjente og kunne eg godt frå før. Då eg var omtrent 14 år gamal såg eg spelefilmen der Leonardo DiCaprio spelte Romeo tallause gongar på VHS. 

Å få lese skodespelet sjølv med alle dei framifrå, treffande og også humoristiske replikkane i diktform, var ei ny oppleving som eg seint om nokon gong vil gløyme – nett slik eg vonar verda vil huske historia så vi ikkje lèt hat stå i vegen for kjærleik i framtida. Gjendiktninga Hoem har gjort song i meg og gav skikkeleg etterklang. 

Boka gir ei kjærleikshistorie med dødeleg utgang og har vorte nærast udødeleg litteratur. På øvste hylle set eg boka. Der skal ho få leve, nesten sveve, så kan eg ligge her på sofaen og titte opp på ho når eg drøymer om ei verd med mindre hat. Ei verd der kjærleik kunne stansa all krig! Historien, og draumane mine, trengst i verda vi lev i no – det er lett å sjå og høyre i straumen av nyhendingane på radio, aviser og i tv. Eg fokuserer, skjerpar blikket mitt og set seks klare auge på terningen.

Legg igjen en kommentar