bokanmeldse

Triangel-musikk 

I haust kjøpte eg meg ei bok av Jon Fosse eg ikkje hadde i samlinga mi frå før av – sjølv om eg har rett mange. Eg hadde høyrt ho som lydbok nokre veker tidlegare. Eg likar jamvel å lese dei skrivne orda sjølv – og å ha dei i hylla mi (rettare sagt: hyllene)! Årets fyrste dag, vart eg ferdig med å lese Naustet (Samlaget 1989) frå perm til perm og vil gjerne dele kjærleiken min for enno ei av Fosses historier.

Her kjem litt av tralten, kva romanen går i: Vi møter ein eg-person som held seg heime. Han går ikkje ut lenger. Han er heime der han framleis bur hos mor si. Før spelte han til dans, no er han heime. Han har to rom på loftet. Han går ikkje ut lenger. Det var etter at uroa kom over han, då han møtte att barndomsvenen Knut i sommar, at han ikkje gjekk ut meir. Knut-en hadde fått kone og to ungar og fast arbeid. Før var han saman med Knut-en heile tida. Før i sommar hadde han ikkje sett Knut-en på lenge. No går han ikkje ut meir. Uroa er komen over han. Det var i sommar det hendte. Kona til Knut-en vart med i flørt med han. Før gjekk han til samyrkelaget. Han sit heime hos mor si og skriv. Mora seier han må gå ut av og til. Uroa er over han. Han sit inne og skriv.  

I løpet av tre dagar utspeler det seg eit trekantdrama mellom eg-personen, barndomskameraten (Knut) og hans kone. Det er ei historie om venskap som tok slutt, gammal sjalusi frå ei liknande hending for fleire år sidan og eit jag som ikkje endar. Det brusar i blodet, bølgjer i havet. Boka er spennande som ein krim, eller meir spennande vil eg seie. Eg vart med i fiskelukke og i angst. Eg vart med i ljos flørt og i mørke kjensler, søt og vond musikk. Eg kriblar framleis etter å ha lese. Eg set eit terningkast 5 og signerer med: Bør lesast, bør opplevast! 

Legg igjen en kommentar