bokanmeldse

Inkludert meg  ´

 No då det nye året gjekk i gong, bestemte eg meg for å lese minst ei diktsamling – i tillegg til det andre eg les – kvar veke. Eg har i veke 1 lese For deg av Oskar Stein Bjørlykke (Samlaget 2014). Eg har allereie røpt: Ho var også noko for meg!

Fyrst
ein smakebit frå DIKTET SNAKKAR: 

«…
kom, seier diktet 
i den augneblinken 
du vaknar» 

s. 10

For deg har varsame dikt som inviterer meg til dialog. Eg vil lese ein annan part og opne meg sjølv. Dikta stryk meg over kinnet. Eg ser opp, smiler til bokstavane. Eg kjenner meg sett, eg kjenner meg respektert. Bjørlykke trøyster. Han skriv om angst. Eg vart ikkje redd. Eg vart saman, med nokon eg ikkje kjenner, i orda, i setningane. Diktsamlinga utvidar perspektiv rundt kva eit menneske er, utan at det har sagt noko. Det kjenner eg. Eg er ikkje einsam. Eg kjenner meg att, samstundes som eg får auge på andre menneske. Kanskje eit av dei eg kjenner, i kvardagen min?

Eg vart med forfattaren i refleksjonar over livet og eg fortset å reflektere no etter endt lesing. Eg let terningkast vere ope og inviterer til fleire lesingar – kor mange auge på terningen set du for boka? Som avslutning på omtala mi deler eg eit av dikta frå samlinga i si heilheit, eit dikt som trefte meg i hjartet og laga smilehol i kinna mine. God leselyst! 

REGNET FALL 

og klårna auga 
veldig i natt 

det som rann
i strimer gjorde alt 
så blankt 

ei regnnatt 
er ei godt minne 

når morgonsola
står i glaset 

s. 32

Legg igjen en kommentar