I veke to har eg valt ut ei lys diktsamling for vaksne der baksida fortalte meg om lys frå ein pensel frå skyene. Boka er Overlys Underlys av Jan Ove Ulstein (Solum Bokvennen 2018).
Boka inviterer lesaren inn i små dikt som spelar mot kvarandre, og vert sterke som lyn frå klar himmel for meg. Lyset kjem innanfrå, ovanfrå og nedanfrå. Smilebandet mitt dreg seg ut, dei kvite tennene mine liknar mjølketenner i spegelbiletet. Dikta kling i meg. Dei går i søtt og mørkt om kjærleik. Dei speler opp til dans mellom natur, liv og død. Kva slags kinderegg er det som klekkast no? Er det ikkje naturleg utroleg, alt som finst i og mellom oss, under same himmel med ofte grå skyer på?
Eg både ante og såg stjerneglimt mellom skyene. Dikta overraska meg og sette meg att nyfiken og tilfreds. Eg set terningkast 5 på boka full av lysgløtt i alle nyansar. I året vi nett har starta på fortset et å sjå opp for fleire gode poesiopplevingar.

