Eg likar å lese klassikarar frå verdslitteraturen, særskilt i nynorsk språkdrakt som klassikarserien til Skald forlag gir oss lesarar. Eg kjøpte for ei tid tilbake Forvandlinga og andre forteljingar av Franz Kafka – som levde frå 1882 til 1924 og var ein av dei mest vesentlege forfattarane på 1900-talet – omsett til nynorsk av nobelprisvinnaren Jon Fosse (Skald 2016). Eg hadde høyrt Kafka kunne vere kravande å lese, og vil leggje til før eg fortset å fortelje om nett denne boka: når ein først kastar seg ut i nye lese utfordringar, kan det gi meistring, økt leseglede og meirsmak.
Boka inneheld omsettingar frå samlinga Sämtliche Erzählungen (Köln 2007) og står i rekkefølgja dei fyrste gong vart utgjevne. Det som gler meg mest kring dei faktiske forhalda er at forteljingane vart utgjevne medan Kafka levde og som han sjølv ønskte og utgje (dei vart utgjevne av Kafka i 1920), i motsetnad til dei meir kjende romanane Prosessen og Slottet som han sjølv ikkje såg på som ferdige. Dei vart utgjevne av ein ven i etterkant av Kafkas bortgang.
Forteljingane i boka er Dommen, Ein landsens lækjar, Framfor loven og Ein draum i tillegg til langnovella Forvandlinga (1915) som vart sett på sett på som særskilt nyskapande då ho kom ut. Då eg las, snakke Forvandlinga til meg på mange måtar. Eg sjølv fekk vekka ei skaparlyst å spinne vidare på. Handlinga dreier seg om ein handelsreisande ung mann som åleine må forsørgje familien sin. Ein dag vaknar han som eit insekt med seks bein og kan ikkje kome seg på arbeide. Han vert oppsøkt av prokuristen som eg tenkjer han skremmer vitet av. Eit sentralt spørsmål ein kan stille seg når ein les er: Kan ein vere så forvandla at ein ikkje lenger har korkje funksjonen eller plassen sin att? Bitter og forkommen forsvinn den unge mannen ut av livet.
Dei andre forteljingane er kortare, men jamvel uttrykksfulle. Personleg var det underleg for meg å lese ein landsens lækjar akkurat på ein dag eg sjølv var sjuk og heime, etterfølgt av Ein draum der Josef K. ser sitt eige namn på ein gravstøtte og vaknar så og seie i det han hamnar under grava. Overraskande og inspirerande tekstar, som utfordrar vante tankemønster over ei rot på klokskap kring livet. Eg sit at i takksam ettertanke. Eg set terningkast, begeistra til å vippe ein femmar opp til seks.

