Eg har lese Bruene av Tarjei Vesaas, eit stykke klassisk, norsk litteratur frå 1966. Utgåva eg har er gitt ut i 1996 av Den norske bokklubben.
Boka er både om ei grufull oppleving for to ungdommar og ungdommens vind vil eg seie. Vesaas hadde nett stor tiltru til ungdommen spesielt, og Bruene viser deira evne til å halde saman, teke val, ordne opp, hjelpe kvarandre og gå vidare – fram og tilbake, seg i mellom og tilbake i verda att.
Vi møter Aud og Torvill, to unge menneske som har vokse opp i nabohusa til kvarandre. Aud er leikesystera til Torvill. Dei har alltid vore saman. Foreldra deira draumar om at dei gifter seg og vert eit par resten av livet. Eg kjente trua, vona og kjærleiken då eg las. I menneske er omhug og kjærleik for kvarandre størst også når vonde ting hendar.
Aud finn eit dødt foster i skogen. Torvill og ho vert saman om den forfereldege hendinga ho får auge på. Etterkvart kontaktar jenta, som heiter Valborg, som ber løyndommen og såg frå bakom trea at dei fann fosteret. Ho er redd for å verte avslørt, og treng også nokon å stå saman med. Første gong ho vil treffe Aud og Torvill ansikt til ansikt, skal det vere i mørkeret så det ikkje er så nifst å sjå kvarandre. Redsla bur også i Torvill og Aud. Stemninga er ladd og spenninga kriblar i meg som lesar.
Torvill og Aud knyter ein tett ring kring Valborg. Når Torvill viser ho kjærleik vert ho berga ut av fortvilinga si. Så kjem ei overrasking på Valborg: Aud er ikkje systera til Torvill som ho trudde. Valborg vil ikkje for noko i verda verkar det som øydeleggje det dei to har, kanskje kan få vidare. Kva for kjærleik vinn, i tre ungdomssinn?
Vesaas tek oss over og under menneskelege bruer som finst mellom menneske på ein mesterleg måte. Ideen er god, utføringa velskriven. Eg svømmer over elva, flyt på luft – i kanskje ungdommens vind, sjølv no som eg sjølv er eldre.
Det er heile kapittel som meir er poetiske skildringar og draumar knytt til personane i romanen, utanfor sjølve handlinga. Det gjer det for meg litt vanskeleg å følge med i handlinga hele vegen. Samstundes får eg i desse avbrekka mellomrom der eg kan kan vere med i tankereise og tenkje over det eg har lese og opplevd i førre kapittel før livet buldrar vidare.
Bruene er spennande og realistisk på same tid, som sentrale deler av livet som ungdomstida nett er i seg sjølve: ein særs vanskeleg og veldig fin tid i eit langt menneskeliv. Vesaas har også skrive mange gode noveller, og eg vil seie at denne boka rommar så mykje at romanforma var heilt rett. Vi får tid til å vere med i rørslene. Terningkast 5.

