bokanmeldse

Skikk og tru til dagleg bruk 

Eg har lese Soga om Fridtjov den frøkne av Jon Fosse (Skald 2023, lesareksemplar frå forlaget) – ei av dei mest kjende norrøne sogene utanfor Noreg, i ei nynorsk omsetjing basert på handskrift av soga frå 1300-talet. Soga syner skikk og tru sånn det brukte å vere i vikingtida.

Soga handlar om Fridtjov frå Framnes, son av gardeigar Torstein som var son til Viking og kjærleiken Fridtjov har til Ingebjørg, dottera til kong Bele. Torstein og kong Bele var gode venar medan dei budde rakt overfor kvarandre, men etter at dei to døyr vert forholdet mellom sonene deira til krangel. 

Fridtjov frir til ho Ingebjørg sjølv om han ikkje er kongeleg. Det vil ikkje brørne ha noko av og det setjast i gong ei stor strid. Kongsbrørne driv Fridtjov frå garden og gifter systera bort ein mange tiår eldre mann – kong Ring.

Ferda Fridtjov vert driven ut i byr på høg sjø, utløyst av vondskap frå kongsbrørne. I strida vert det også tend eld og gardshus brenn ned. Fridtjov held samstundes klokskapen sin og vel framfor å gå til åtak og drepe, fleire gongar å vere god. Vala fører han til både Ingebjørg og kong Ring sitt store rike! Soga er ei vond forteljing som endar vakker – nett som eit eventyr med kongsdottera og halve, eller faktisk heile, kongeriket på ein måte! 

Eg vil også leggje til: lukkeleg alle sine dagar etteråt, for eg kjenner etter siste sida nett at vi menneske har moglegheit til å velje fred og kjærleik framfor krig. Kan bokmeldinga mi slutte meir lukkeleg enn nett sånn? Eg kan summere opp: Lettlese, historisk og storslått leseoppleving i eit lite format som for meg vert til von og livslyst så vel som leselyst vidare. Terningkast 6. 

Legg igjen en kommentar