Eg har lese ei ope, naken og ærleg bok om å vere sårbar: Året har tretten netter av Mette Karlsvik (Samlaget 2024, lesareksemplar). Etter leseerfaringa kjenner eg meg meir beskytte og mindre åleine. Eg opplev samsvar med eigne erfaringar av bitar av liv og bitar av meg. Også tidlegare når eg har lese bøker av nett denne forfattaren har eg sitte att med ei god attkjenningsfølelse midt i dei vondaste orda. Året har tretten netter er eit nytt, levande og viktig bidrag til litteraturen som eg synst passar for alle som likar å lese romanar om liv til å ta og kjenne på.
Eg låg i sofaen med restane av kroppen min som har hatt eit hardt liv å stå i, og las restane av ei kjærleikshistorie – rettare sagt lengten etter ein kjærleik ( det minste lengten etter ein flik av eit forhald). Året har tretten netter er skrive i eg-person saman forfattarens eget namn. Vi møter Mette 43 år der ho jaktar etter å verte elska. Ho freistar å passe med M. To m-ar matchar. Ho fann han på Tinder. Ho kunne sjå M frå fleire vinklar. Såg ho han i auga, kom han for nær. Ho vil ha nær. Dei tastar og møtast.
Relasjonen får ein fast,fysisk form og likevel skjør scene der to menneske står og vibrerer – det eine vil ha kjærleiken meir enn den andre? Mette tenkjer på M heile tida. Alt anna blir sat til side. Arbeidet sitt mistar ho fokus på. Manuset ho skriv på vert mest liggjande. Ho må fikse kroppen klar til mogeleg sex. Ho må sjekke SMS.
I byrjinga kjem det meldingssvar når ho skriv. Snart tek det lenger tid mellom meldingane. Mette er all-in, ho kan ikkje miste M ved å vere feig og tilbakehalden. Å kle av seg og å stå til disposisjon, er det det som trengst for å verte elska?
Vi ser ambivalens utan dveling: eg-personen hoppar ut i det, sjølv om ein risiko for dårleg utfall finst. Alternativet – at M ikkje vil elske ho – kjenst ikkje som ein moglegheit å velje. Å gje seg sjølv til M same kva det kostar er å freiste å verte elska. Mette står og ligg open, ærleg, naken og sårbar.
Boka gir oss ei bakgrunnshistorie fletta saman med det som hendar i livet nett no. Det har handla om å miste nokon ein er glad i – ein far som døyde av kreft. Faren var den de einaste personen Mette kunne spørje og verkeleg kunne stole på. Utan ein sånn person vert ein ustø om ein ikkje er stø i seg sjølv.
M vert ein erstattar, ein ny påle.Men han står ikkje heile tida attmed. Kven kan Mette stole på? Kven kan elske ein nok? Kan ein lære seg å lytte til og elske seg sjølv? Eg stryk handa over håret mitt, tørker ei tåre som ikkje finst – eg er nemleg glad trass i at dei vonde kjenslene også passar på ein prikk på fleire ting eg kan relatere til og treff meg hardt. Det er godt – trass alt – å ikkje vere alene. Er eg ein billeg lesar no, ligg her – mentalt sett – open og berr ?
Der eg låg med den same kroppen– dei tynne armane og den Afrika-store magen – som forfattaren skildrar måtte eg stoppe nokre korte stunder undervegs i lesinga. Det gjer vondt å lese ord på andre sine vanskelege kjensler som ein også kunne – kanskje utan å ha late andre få lese eller høyre dei – ha skrive ned sjølv.
Året er tretten netterer for meg personleg den beste leseopplevinga hittil i år. Romanen er intim og inviterer samstundes andre inn til det inste i eit menneske. Boka er ei bok om anoreksi og ei bok om å vekse. Ein kan liksom lese seg til å våge å kjenne meir på eigne følelsar og behov. Eg strekk meg i sofaen og hevar stemmen i det eg set: terningkast 6 på boka å høyre til i!

