Eg har lese Den dunkle dottera av Elena Ferrante (Samlaget 2017) – ei bok å drøyme, leve seg inn og vakne opp i frå.
Eg har lese fleire bøker av forfattaren tidlegare, også Napoli-kvartetten som eg likte særskilt godt med gode skildringar av nett Italia. I denne boka kjem eg igjen inn i dei napolitanske menneska og omgivnadene. Eg kjem også under huda på ei kvinne. Kva finst der å skjule, å vise?
Vi møter Leda som er ein 47 år gammal godt etablert yrkeskvinne – som også har reist frå og forlate familien sin til fordel for karriere og seg sjølv. Ho ville velje seg sjølv og eigne ambisjonar og jobbar på universitetet. Ho har med seg litt av arbeidet på stranda, der ho les.
På stranda treff Leda ein støyande familie som ho fattar interesse for. Ei i følgjet, er litt annleis – Nina er i roleg harmoni med dottera si. Dottera leiker med ei dokke og dei tre har saman eit tett band ikkje til å bryte inn i eller ut av. Leda finst sjølv ikkje i nærleiken av sine no store, døtrer som har flytta til Canada der faren deira bur no.
Ein dag rotar Nina si dotter seg vekk og alle leitar etter ho på stranda. Dei finner jenta i god behald, men dokka hennar er vekke. Jentungen vert svært fortvila og resignerer. Alle leitar, men ingen der dokka er: i hendene på Leda som har stole dokka.
Vi får ei overraskande og samstundes nær forteljing om morskap, kvinneliv og det å verte elska, av seg sjølv og av andre. Ei bok som eg ikkje vil gløyme. Terningkast 5.

