Eg har lese Fattigdom (Samlaget 2002) av fleire forfattarar, ei norsk sakprosa-bok med ulike inngangar til fenomenet fattigdom. Vigdis Hjorth er redaktør for boka.
Nokre av dei 14 forfattarane gir oss eit samfunnsperspektiv. Dei fortel om jobbar med bistand. Nokre fortel meg om verds-konfliktar som framleis hendar medan eg les i dag, over tjue år seinare. Nokre viser oss fordommar kring fattigdom eg kjenner at. Det er lett å tenkje til dømes at fattige folk andre stader i verda, er lukkelege der dei dansar utan vår daglege kvardag i velstand. Vi kan sjå dei i korte glimt i nyhendingane.
Då kjenst det kanskje best å lukke at auga våre når sveltande born flimrar over skjermen. Sjå bort for alt det vonde som finst bakom smila, alle konfliktar og krigar. Kanskje burde vi takke for at dei er så takksame at livet vert levande. Hadde dei gitt opp, hadde vi mista manntal og mangfald og hatt ei mykje fattigare verd.
Boka er i eit spennande, kvadratisk gjennom-illustrert format. Illustrasjonane er av GADO som er ein av Afrikas mest populære avisteiknarar. For meg er bileta som karrikaturar. Eg tenkjer: – så fint! Det er godt at det går an å ha eit presist og noko humoristisk skråblikk også på og i vanskelege tilvære.
Det er ei trøyst å sjå at vi i det mest forferdelege som skjer, kan skrive om det. Då kan andre verte opplyste. Eg håpar vi ein dag vert kloke nok av skade til å i det minste hugse – skade er det har det nemleg vore meir enn nok av – på menneskeverdet. Ei bok eg verdset, terningkast 5.

