bokanmeldse

Lukkelegvis 

Eg har lese Verda er ei skandale – Om livet, lykka og eit tilvære på bygda –  av Agnes Ravatn (Samlaget 2017, lesareksemplar). 

For ikring eit år sida, høyrde eg boka som lydbok medan eg var på jobb. No har eg som sjukemeldt lese boka for meg sjølv i sofaen, medan eg har bala med eigne ord og tankar. Eg kjenner meg lukkeleg over å vere i litteraturen – både som skrivar, lesar og menneske. 

Tekstane i boka er lett omarbeidde versjonar av essay som har stått på trykk i Dag og tid. Dei funkar som stasjonære reisebrev frå eit halvår på bygda. Ravatn skriv humoristisk, ærleg, ømt og varmt om å flytte frå hovudstaden. Ho reiser med mann og nyfødd son for ei meir eller mindre romantisk oppleving av permisjonstida deira med moglegheit til å skrive ekstra mykje – eller ikkje? 

Omgivnadane og Ravatn: I vestlandsbygda Valevåg, på eit forfalle småbruk utan nett-dekning, omkransa av skog og fjell og sauar finn ho meining i sauar og bjørnebær som vert til likør frå eigen grøftekant! Ho snakkar med vennen og forfattarkollegaen Einar Økland som er næraste nabo. Dei reflekterer kring skrivereiskap og praktiserer korleis verte ein god knekkebrødbakar. Etterkvart byrjar Ravatn å engasjere seg i bygdelivet. No er det her livet finst. Terningkast fem pluss. 

Legg igjen en kommentar