bokanmeldse

Livet sjølv 

Eg har lese den nyaste romanen til Marit Eikemo: Vi er brødrene Eikemo (Samlaget 2024, lesareksemplar frå forlaget). Boka fortel med skråblikk, vemod og omhug om ein industristad, huset Marit vaks opp i der og familien hennar. Ei bok å merke seg, til å hugse: 

Per Eikemo, ein 86 år gammal mann, står i vindauget i tredje etasje i Berjaflotvegen 9 og ser ut over Odda. Det er ikkje lenger eit Odda han kjenner. Tida hans her var for lenge sida. Som fjortenåring fekk han då faren brått døyde i 1952, ansvar for både Berjaflotvegen 9 , dei fire brørne sine og mora.

Dei har heldt det gåande saman med husbygging, idrettslag, amerikareiser og maratonløp i årenes løp. Husets liv og røre, oppgåvene og relasjonane frå den tida, er forandra np – det er som om det berre er klokka som er att som går i huset, tilsaman med Per.

Per tek framleis ansvaret for Berjaflotvegen 9. Han gir ikkje slepp, no for tida er det berre ansvaret han kjenner som sitt. Marit, dottera hans, får ikkje teke frå han oppgåvene, ho får ikkje klippe graset. Per skal klare alt sjølv. Sjølvskriven står han fast ved det, medan familien opplev at tinga i huset frå alle åra, har hopa seg opp. 

Boka med si forteljande, nære tone stikk i meg og stryk meg over kinnet på same tid. Forteljinga kan vere som ein sørgjesong over relasjonar, byggverk og liv som går tapt og ho kan stå som ei urokkeleg kjærleikshistorie kring det som har vore – og er – viktigast for oss. Størst av alt er kjærleiken! Ei både menneskeleg og udødeleg bok. Terningkast 5. 

Legg igjen en kommentar