Eg har lese Falcheblikk på kjærleiken av Sigmund Falch (Vigmostad & Bjørke 2024, lesareksemplar).
Falch sitt konsept er at han set nye, artige tekster – på nynorsk – til gamle, ofte gravalvorlege fotografiar i svart/kvitt. Boka med det kanskje største temaet av alle, nett kjærleiken, er den femtande som har kome ut.
Eg humra meg gjennom mi første leseoppleving av fotografi sett med Falchs auge. Indre kjensler, frå sårbare situasjonar og mellommenneskeleg samspel, vert til humor på høgt plan.
Eg har fått opp auga for moglege undertekstar ikring meg og samstundes reflektert rundt relasjonar, forhald og kjærleik. Eg vil kome med eit ganske tilfeldig valt døme frå boka:
«Dei braut isen med ein gong.
Mest fordi dei hadde valt same type bikinibukse, sjølvsagt.»
(s. 176)
Eg vart fenga av biletetekstene gjennom heile boka. Du trur det ikkje før du får sjå det er eit sitat frå ein tv-serie (x-files), med det passar det å tilføye her: du trur det ikkje før du les det! Boka syner at vi er morosame på innsida utan at vi talar det ut til vanleg og smilebandet mitt vart drege strakt ut fleire gonger – skulle tru eg sjølv smilte til ein fotograf! Eg signerer for det med seks auge på terningen.
Falcheblikk på kjærleiken er eit godt val som gåvebok vil eg meine og som «oppslagsverk» i eigen heim – til fryd og sjølvironi på si. Boka fekk meg til å kjenne meg velsigninga på innsida. Eg las ho som ei slags livslang kjærleikserklæring og eg fekk sjå ei forelsking som varar mykje lenger enn puberteten, lukkelegvis! God fornøyelse.

