bokanmeldse

Diktkontakt

Eg har lese Pennen den blå – samla dikt for barn og unge av Einar Økland (Samlaget 1992). Eg vart yr og kry, og også nyfiken på barnets perspektiv gjennom Øklands vaksenblikk. Eg vandra gjennom samlinga, på sporet av blikkontakt og kjente snart: ein diktkontakt.

Eg fekk auge på meg sjølv, midt i alt – med pennen i handa, som fort kunne vore kasta i omnen om han ikkje skreiv som eg ville. Så det skal han jammen gjere når eg skriv bokomtala mi! Han vil vel ikkje krangle med meg og verte til oske? 

Eg fekk oppleve dikt om pølser som for meg vart til meir glede enn pølsevev! Eg fekk lese om tida, om kråka, om trea, om vekst, om det verda og aller mest det hjartet er fullt av. 

Nokre dikt går på rim, andre har værs på tvers av det – meir som ei tankerekkje – korleis vi kan tenke, snakke, vere til? Korleis vi kan stille spørsmål og aldri slutte og forundre oss – og likevel kanskje stanse etter ei kortare refleksjon eller tekstleg forandring igjen til å forundre meg.

Økland får meg til å sjå på nytt. Diktforma gjer at ingen tankar trekkast i eit langt strekk ut som i ein roman, men boka fangar opp essens og set i gong vidare fabuleringar i hovudet mitt. Der kan dei utbrodere seg, kanskje til eit nytt verdsbilete? Å lese dikt for barn og unge, kan vere eit reelt eventyr! Eg kastar terning og får fem.

Legg igjen en kommentar