bokanmeldse

Ustyrleg

Eg har lese Utstyrstekstar av Arne Henning Årskaug (Samlaget 2015). Boka inneheld fleire tekstar samla sett med eigenarta forteljargrep og høgt overskot – no og då litt mykje av det gode.  

I fyrste tekst kjem vi inn i ei leilegheit. Det er leilegheita sjølv som fortel om det unge paret som har flytta inn. Ho feller ein dom om at betre kjærleikar enn desse to. 

I siste tekst får vi høyre paret på sine meir eldre dagar fortelje korleis dei har levd livet sitt i leilegheita saman. I mellom der møter eg som lesar fleire originalar, like originale som forteljingane, i ulike aldrar. Forteljingane og karakterane sett under eitt kan ein seie skapar seg så godt dei kan i møte med livets skak og kakkel!

Eg kunne ønskje eg kunne kakle heilt med. Men eg vert litt ordlaus undervegs. Boka tek på ein måte av og er nærast ustyrleg! Det eg synst er slitsamt er nett at tekstane verkar som om dei tek så hardt i for å vere morosame og då eg då ikkje opplev dei sånn vert eg skuffa – også over meg sjølve. Eg vert småirritert undervegs fordi eg ikkje greier å leve meg inn og surfe med på ei god latterbølgje! På plussida: Språket er språket fargerikt og frodig og forteljarvinklane annleis og finurlege. Eg sett terningkast 4. 

Legg igjen en kommentar