Eg har lese Flaskesamlaren av Jon Fosse (Samlaget 1991 i ny utgiving frå 2024, lesareksemplar frå forlaget).
I romanen møter vi ein einsam mann. Han vandrar i byen, nærmar seg folk og trekk seg bort. Han vekslar mellom å søke folk og teke avstand. Han bytar mellom å heite Bjørn, Fredrik og Atle. Han går mellom å vere presteson og son til ein anleggsarbeidar, mellom å vere journalist og gitarist.
Boka spelar på fleire strenger i meg. Eg syng og flyt med i tankar, stemningar og omgivnadar. Eg vert med inn på puben og ut i regnet. Der ute treff han på Flaskesamlaren. Dei to får ein kontakt medan den eine drikk og den andre samlar tomgodset.
Å lese Fosse er for meg som å kome heim. Eg vert med inn i teksta nett som om det er mine eigne forvirra tankar og kjensler eg les. Språket er eksakt utan å ha berre fullstendige setningar. Setningane har mange komma men er utan punktum. Språket er poetisk og rakt fram på same tida. Det er sterkt samstundes som ope til tolkning. Teksta er ikkje til å verte rakt ut klok av, men kanskje til å kunne forstå kriseramma sinn.
Eg slepp spenninga laus, skåler nøgd og set brusflaska mi i bordet. Eg trillar terningen til fem og rapar: eit solid pluss!

