bokanmeldse

Refleks

Litteraturen har lyst opp både hausten og meg. Eg gler meg til å leve, lese og  skrive vidare, og byrjar med å fortelje i skriftleg form om romanen eg nett har lese: Her kjem sola av Gunhild Øyehaug (Kolon forlag 2024, lesareksemplar frå forlaget).

Helga Mork, ei dame i overgangsalderen som har innstilt seg på at ho skal leve åleine ved sidan av ein stor og sjølvsagt taus flyttstein. Ein dag fell planen heilt i fisk og ho fell sjølv gjennom mur-golvet. Det som hendte er at det flytta inn eit par i nabohuset ho vart særs fokusert på. Ein sentral opplysning om naboparet: Dei er forfattarar, nett som Helga. 

Helga vert brått forelska i mannen, ho finn i han ein tvilling-sjel i nabohuset. For Helga vert verda vert meir og meir vanskeleg å halde seg i. Svevar ho? I likskap med flyttsteinen?  

Vi følgjer Helga gjennom og imellom Verkelegheita og draumeverda. Vi vert med i betraktningar av Shakespeare og trekkast med på draumetolkning. Tidleg i boka, tenkte eg fyrst: åh, enno ein forteljing om kjærleik som eg ikkje har grepet på eller interesse for. Men Her kjem sola synte meg noko heilt anna og for meg meir. Romanen er om menneske og det indre saman med verda vi finst til i! For vi er her? Ja, eg også.  

Øyehaug har skrive fram ein vanvettig og samtidig fullt ut truverdig karakter i Helga. Sjølv om nokon kan oppleve fantasirike bøker der ein skiftar mellom røynd og draum som vanskelege å fatte var det i denne boka motsett og nettopp ei spesielt god oppleving for meg. No kjenner eg meg ytterlegare forstått som menneske i ei nokon gongar uforståeleg røynd, til tross for at eg har til gode å verte ekte forelska i eit særskilt menneske. 

Boka skin under lampa mi på nattbordet attmed senga. Eg var her og og las, eg leikte meg gjennom boka. Avslutningsvis takkar eg for bokopplevinga og ønskjer lesarar ein god, lys haust! Eg set terningkast 6 på ein reell lesedraum. 

Legg igjen en kommentar