bokanmeldse

Lys i mørkeret

Eg har lese Melancholia I-II av Jon Fosse, Samlaget 1995/1996, i ny utgiving (lesareksemplar frå forlaget) i samband med at forfattaren vann Nobelprisen i litteratur i 2023.

Romanen handlar om kunstnaren Lars Hertervig (1830-1902), kjend som målaren av lyset. Vi følgjar han fyrst – i Melancholia 1 – ein haustdag i Düsseldorf i Tyskland. Hertervig studerer der for å verte kunstmalar, med blant anna sjølvaste Gude som lærarmeister. Hertervig er kasta ut frå hybelen sin fordi han har vorte forelska i dottera i huset, Helene på 15 år. Vi ser aggresjon i han. Hertervig meiner Helene skulle like å gjere seksuelle ting med onkelen sin i stadet for å vere hans kjærast, han trur det er difor han må flytte – nett for at ho skal få halde på med onkelen sin! Vi vert med inn i moglege vrangførestillingar – også kring at andre malarstudentar ikkje kan male og han tenkjer dei skal drepast – og så møter vi Hertervig att på julaftan 1856 då han er på Gaustad sjukehus og rømmer etter å ha vore innlagd der i to år. 

I Melancholia II er vi i år 1902 og i Stavanger by. Hovudpersonen er ei fiktiv syster til kunstnaren. Han er død, men gjennom stadig meir skrøpelege Oline får vi sjå og kjenne episodar frå Lars sitt liv. 

Boka samla sett er for meg eit portrett av ein lovande malar, ei forteljing om å leve med sinnsjukdom og ein observasjon av alderdom og gløymsle. Då eg las, kjende eg lys gjennom mørkeret. Fosse formidlar levande og nærast poetisk. Romanen er innsiktsfull og lyste meg heilt enkelt opp, trass historia er eit dystert maleri samstundes, av fleire vanskelege forhald for malaren og dei som var i slektskap. Eg set boka som i ramme i hylla mi – heilt verneverdig! – og signerer denne omtala mi med eit terningkast opp mot seksaren. God lesnad! 

Legg igjen en kommentar