bokanmeldse

Nærleik, kjærleik 

Eg har sett boka Song til mor av Margreth Olin (Oktober forlag 2024, lesareksemplar). Ja, du leste nett sett – å lese «Song til mor» kjendest nemleg som å oppleve ein film for meg! 

Eg såg så mange bilete då eg las. Eg såg ein storslått natur, nesten større enn eg opplevde då eg såg filmen Fedrelandet Margreth Olin laga som hadde premiere rakt før mora døyde, om faren og kjærleiken til naturen, gjennom gåturar i fjellet.

Boka er ein roman om mora. Om naturen. Om kunsten. Om livet. Om faren. Og kanskje mest av alt, om kjærleiken. Ho tek for seg det som får oss til å vere her, og ville bli – for alltid? 

Song til mor er ei bok eg vart driven inn i og eg ville like å vere i stemninga eg fekk av å lese, ei lengre stund, eit halvt liv? Eg får lyst å halde fast – i alt som betyr noko, som foreldra mine. Ja eg vil syngje kjærleiken eg kjenner til livet høgt ut og nynne refrenget lågt for meg sjølv til eg sovnar om kvelden. 

Boka er både ei sorgforteljing og ei lys strofe på ein gong til det som er å sette pris på og er verdt å ta vare på vidare. Språkforma til Olin seier meir enn orda eg les. Eg ser naturen og det mellommenneskelege, ho framkallar usynlege band. Eg vert løfta opp til å sjå det eg sjølv likar med menneske og mitt eige liv. Eg trur eg kan seie at eg elskar fleire medmenneske enn eg er medviten om i det daglege. Eg elskar Margreth for måten ho evner å setje pris på verda, livet og menneska ho lev med. Ho er ein person som er til større inspirasjon.

Frå før av, har filmane hennar stått sterkt i meg i ei årrekke. Eg hugsar så godt då eg klamra meg fast ein kald haustdag på operataket og såg førpremiera til filmen Engelen. No har eg ei ønskjereprise i ny versjon: ei bok å huske og vende tilbake til. Eg set takknemleg terningkastet til 5 pluss.  

Legg igjen en kommentar