Åh, for ein lesehaust! Eg har nett lese Nålehuset av Kristin Tveiten (Samlaget 2024), ei bok som overraska meg. Ho er ein roman der summen av hendingar kjem som resultat i byrjinga på boka der ein mann truleg har forsøkt å drepe ein annan. Den skuldige i ugjerninga skal vere godt oppi 80-åra, det same med offeret – som er minst like skuldig?
Gjennom romanen får eg lese og forstå kva som har forma hovudpersonen, og korleis det gjekk til at han freista å drepe den andre. Eg har fått sjå vegen til sluttresultatet, litt for dei båe, der kanskje offeret var den som ikkje kunne halde av han som til sist gjekk til angrep?
Osvald vaks opp under enkle kår i lag med den strenge, gudfryktige mora si. Ho liksom straffar han for noko – kanskje for at han er fødd? Osvald får høyre faren har forlist på sjøen før han vart fødd, men under ulmar andre moglege forklaringar.
På andre sida av fjorden ligg Storgarden, der jamaldringen Frank fanst. Han hadde alt Osvald ikkje hadde, men klarte jamvel ikkje å la Osvald vere i fred. Eg las om vonde tunger og fekk bismak i munnen.
Trass i at Osvald er forakta av mora, heldt ho han i eit fast grep. Osvald sjølv heldt seg i nærleiken av Salve smed når han kunne, eller aleine i skogen. Etter gudstenesta kvar sundag, løfta han opp ein konkylie som låg på ein av gravsteinane på kyrkjegaden for å lytte til havet, eller faren.
Eg fekk solid støkk av fleire hendingar frå dagleglivet til Osvald, som då mora serverte han ein kopp med smult. Han måtte drikke for å få gå på fest og Osvald fekk med det straffa før eventuell ugagn kunne skje. Ein fest med bakrus dagen etteråt vart vaska ut frå oppnåeleg ønskjeliste.
Boka er om generasjonar, relasjonar, svik, draumar og alt som brest – som kjærleiken, livet? Samstundes om det som er verdt å ta vare på – eg gjentek: kjærleiken, livet? Eg likte og lese og vart riven med, driven til å lese i høgt tempo. Eg sette også pris på presist og rikt språk. Ei bok som gjorde innrykk og inntrykk. Terningkast 5.

