bokanmeldse

Lysande innsiktsfull

Eg har lese romanen Lorden av Tore Renberg (Forlaget Oktober 2024, lesareksemplar).  

Handlinga spring utifrå
 at formann i historielaget Jon Magne Moi og kona hans på ein skitur finn ei jente – barnestjerna Ellen Sofie Bestandig – i snøen medvitslaus attmed eit gammalt slott ved Lindevatnet. Moi formidlar og greier ut historia vidare medan han freistar finne ut kva som har hendt. 

Vi får sjå Moi som ein som
 har følt seg utanfor. No trur han at kona har eit forhald til ein annan mann i bygda, nett no som ho drog med venninnene til København. Forsvinn ho, er ho borte, kjem ho snart att? Han sa: det er klart du skal dra, men inni han vandrar andre tankar opp og ned. Han saknar ho – heile tida. 

Moi fordjupar seg samstundes fullt og heilt i mysteriet om Bestandig-jenta. Han brukar erfaringar frå han sjølv var barn – han hadde det ikkje berre greitt blant dei andre skuleelevane – og frå lærarkarrieren han hadde før han vart pensjonist.

Å gå i djupet har Moi gjort før.
 Han vert oppslukt. Moi får auge på  samanhengar mellom Ellen Sofie Bestandig som eit lys og den blinde Lorden som busette seg på slottet lenge før hans tid – utifrå det han har høyrt og lest i gamle sagn. 

Boka er storslåtte scener
formidla og synt fram av Renberg med mange spennande forteljarelement. Fleire gonger hendvender Moi seg i handlingsforløpet til «innbilte publikum». Er det eg? Medan historia skrid fram får publikum/lesarane sjå formannen av historielaget si eige forhistorie og i blaff notidas psykiske vanskar. Vi ser at Moi kavar og vi får sjå kva som skjer i gløymsle av å ta medisinane sine, det som kona kjem att om minnar på.  

Eg såg også ei kone som framleis elskar mannen sin. No er eg sjølv glad i både boka eg har lese, Lorden og Jon Magne Moi! Og sist men ikkje minst likar eg spesielt godt at Renberg skriv så levande, innsiktsfullt og med snert – heile vegen, både i det dystre og det lyse – akkurat slik jeg er vant med når eg les romanane hans.

Samtidig er boka ei heilt anna historie enn eg har lese før. Boka er opplysande og djup på ein måte som set seg i meg. Eg er bevega og takksam.

Finst Lorden framleis, kan han sjå meg? undrar eg avslutningsvis, kryssar fingrane og set tommel opp i retninga hans. Eg skriv inn eit terningkast som er midt i mellom femmaren og seksaren. Det går jo an – med bokstavar! Renberg gav meg nemleg med denne lesinga mi ekstra stor tro på skriftspråkets moglegheiter. God leselyst!

Legg igjen en kommentar