bokanmeldse

Gledeleg jul som var og kjem, igjen og igjen 


Eg har kost meg med juleheftet Falchs jul 2024 av Sigmund Falch (Vigmostad & Bjørke 2024, lesareksemplar). 

Eg mimra over gamle svartkvitt-fotografi og julekort med ny tekst. Falch tolkar og set ord til gamle bilete så dei får ei forklaring som eg som lesar mottek og forstår bileta med. Eg fekk, gjennom Falch, eit særs godt skråblikk på livet sjølv!  

Eg kjente at no, no kjem jula – som så mange gonger før. Det kjenst godt – også å kunne le av snodige glimt som kan oppstå i julefeiringa, til dømes ei spent stemning kring ei kanskje ikkje så vellukka gåve eller når nokon hamnar litt utanfor i eit helst godt selskap ein vil kjenne seg innanfor i.  

Då eg hadde lese ut alle sidene, byrja eg sporenstreks å lese heftet ein gong til – frå perm til perm. Dette er ei julebok som fortener reprise – fleire gonger i dette årets feiring, og eg kan gjerne lese ho oppatt og lage min eigen tradisjon med å lese Falchs jul – både gamle og nye utgåver – kvart år som kjem.

Falchs jul 2024 er eit stort, godt og ekte blinkskot! Eg knipsar fram: terningkast 6. Eg vonar det kjem ei ny utgåve igjen allereie i 2025 med fleire illustrerande julesituasjons-bilete kombinert med treffande tekst – «the same procedure as last year.» Tek du imot førespurnaden min, Falch? 

Legg igjen en kommentar