Eg har lese Arbeidarhjerte av Carl Frode Tiller (Aschehoug 2024, lesareksemplar) – som er den nye romanen til ein forfattar eg likar særs godt å lese bøkene til. Han har her skrive fram eit Norge som har forandra seg dei siste femti åra gjennom eit portrett av ein mann – Trond – som vaks opp på 1970-talet. Trond les eg som ein annleis arbeidar enn foreldra, likevel ein som arbeidar sjølv etter at han mista jobben sin – med nett det å vere til.
Trond vaks opp i Namsos ein typisk arbeidarfamilie. Faren hans jobba på saga og var NKP-ar. Mora til Trond arbeidde som hjelpearbeidar. Trond ville noko anna og tok seg ei lengre utdanning, skaffa seg eit middelklasseliv som var trygt og stabilt – fram til han byrjer forakte det han har oppnådd og mistar grepet.
Trond har mista jobben, skilt seg frå kona og døtrene kan han ikkje forstå seg på.
Eg fekk sjå korleis storpolitikk pregar kvardagsmenneske. Eg såg korleis ulike verdisyn kan skape ei glipe mellom menneske. Eg såg korleis det å prøve å forstå dei store linene nett er særs vanskeleg å få grepet om. Det er jo fleire veger å gå, og folk går dem. Dei trosser kvarandre, kva dei trudde på viss dei trur noko anna sjølv.
Eg vart sittande å tenkje: Kva har mest verdi, eigentleg? Eg kryssar fingrane og vonar og trur på fellesskapet og sjølvverdet på ein gong. Eg gler meg til den andre boka som er lova at kjem ut, så eg kanskje kan lese korleis det går med Trond og samfunnet fram i tid. Terningkast 6.

