Eg har lese Tretti dagars mørke av Jenny Lund Madsen (Samlaget 2024). Boka vart årets beste krim i Danmark og sjølv eg som sjeldan les krim, vart særs fenga av storyen. Kanskje vart eg hjelpt av at hovudpersonen var forfattar som prøvde å setje ein bestseljande rival på plass? Ramma for forteljinga vart med det menneskeleg, engasjerande og for meg meir handgripeleg.
Hannah Krause-Bendix, ein noko arrogant og smal forfattar, inngjekk eit veddemål om å skrive ein god krimroman på berre tretti dagar. Ho såg ned på sjangeren og dei forfattarane som skriv krim jamt over, ei lita misunning kring at litteraturen som ho vurder som middelmåtig får høgare lesartal enn hennar bøker. Kven som helst kan skrive ein krimroman meinte ho og kasta seg i ut i det ville prosjektet.
Redaktøren ønskte ho skulle stå for dei vågale og sarkastiske orda sine og forsøke å få til boka. Han sende ho til Island for å finne inspirasjon og ro til å fokusere på prosjektet. Ho installerte seg hos gjestmilde Ella på ein fredfull plass – som snart ikkje var fredeleg lenger. Det skjedde brått eit dødsfall som peikte mot eit drap og snart var Hannah ikkje berre forfattar men også etterforskar.
Handlinga utvikla seg til fleire drap, men og noko heilt anna: Historia fortel meg om kjærleik. Om livet. Eg kjenner igjen glede og meining ved å sjølv lese og skrive. Tretti dagers mørke er ei bok som engasjerte meg og eg las fort frå perm til perm. Nokon stader nesten berre skumma eg sidene fordi det var så spennende at eg berre måtte få sjå kva som hendte med ein einaste gong! Terningkast 5.

