Eg har lese Slettene av Gerald Murnane omsett til nynorsk av Jon Fosse (Samlaget 2025, lesareksemplar frå forlaget). Boka er ein australsk klassikar frå 1982 som no ligg open for norske lesarar. Eg greip boka og gjekk innover slettene. Eg fekk ei fin leseoppleving.
Slettene syner eit alternativt Australia folkesett av lærde og velståande menneske. Vi vert med ein filmskapar – eller ein som skriv om noko som kunne vorte til film – medan han gjer research. Han undersøkar innlandet og tilhøvet mellom dei som bur der og landskapet dei lev i. Eg får sjå slettene nesten utan landemerke. Og eg kjenner: no ser eg dei! Både klimaet og menneska. Eg får ein roleg slags «fade out» av det som eg surrar med i hovudet mitt.
Forteljinga er unik med ei stille verd som vert fortalt fram samt med korleis ein kan sjå for seg verda på ein annan måte enn gjennom samfunna vi mest ser ikring oss. Ei tredje ting gjer at eg lev meg ivrig inn i boka og vil prøve å legge ho på hukommelsen: Boka har ei litterær røyst som snakkar rakt til meg. Fleire gongar fekk eg lyst til å snakke med stemmen eller nikke i stolen medan eg las. Eg svarar her, med eit solid og godt terningkast: landar det på fem, med ein vipp skrå mot seksaren.
Anbefalast for ei god, spennande og ikkje minst roleg og behageleg leseoppleving. Gje deg sjølv ei pause frå alt anna og les eit godt stykke litteratur. Helsing Helene

