Eg har lese ein ungdomsroman ny av året. Boka er skriven av historikar og forfattar Aina Basso og heiter Før det blir morgon (Samlaget 2025, lesareksemplar).
Før det blir morgon er ein historisk roman der handlinga er lagt til 1700-talet. Boka fortel om Josefa på femten år som byrjar i teneste på Storgarden Li. Ho saknar familien men trivst likevel godt blant tenestefolka på garden.
Bakom lurar storbonden. Ei vond sanning ulmar under overflate. Josefa vert utsett for noko kanskje også den førre tenestejenta truleg vart – ho drog frå garden før avtalt faredag. Hendingane som rammar Josefa i romanen vert eit bilete på skam og urett – for det er vel ikkje rett at den som vert utsett for overgrep er den som skal ta straffa for ugjerninga og verte dødsdømt?
Basso skriv levande og truverdig. Skildringane av Josefa sine eigne tankar og kjensler opplev eg tidlause og som om vi som lev i dag kunne tenkt og sagt omtrent det same no for tida. Difor står det ekstra sterkt – som ein oppsiktsvekkande kontrast – det som står om forhalda medan vi får desse tankane, som jo synte ei heilt anna verd enn vi er vant med å høyre i sånn dagleg-tale. Eg leste interessert og vart personleg engasjert i Josefa sitt liv. Boka gjekk difor raskt å lese, ho var vanskeleg å leggje frå seg.
Før det blir morgon gav ei leseoppleving eg tenkjer det er verdt å få med seg for både ungdommar og vaksne. Eg opplevde det verdifullt å sjølv få tenkje over kven som hadde ansvaret i alt som hende – den som vart dømt eller den som gjorde urett. Rett skal vere – og skulle vore – rett. Eg kunne ønskt vi kunne endre fortida for dei som hadde ein skjebne lik romanpersonen Josefa sin. Vi kan berre håpe på ei betre framtid. Med god, opplysende littratur som byr opp til refleksjon, får eg von for nett det. Terningkast 5.

