Barnebarnet av Susanna Alakoski (Samlaget 2025, lesareksemplar) kom nyleg ut. Eg jubla litt inni meg! Dette er den tredje boka i bomullskvartetten som eg hadde hatt så stor glede av å lese dei to første binda av.
Eg starta å lese og var straks inne i handlinga att, nett der bok to slapp. Eg fekk følgje historia vidare med barnebarnet til Hilda som heiter Kathrine. Då Kathrines mor vaks opp, vart den eine krigen avløyst av den neste. Små bomullsspinneri utvikla seg til store tekstilkonsern. Kathrines mor Greta var med på reisa og flytta til Sverige der ho hamna i Skellefteå. Ho opplevde framgangsrike år for tekstilindustrien.
Her vi møter Kathrine, vil ho sjølv ikkje inn i tekstil-industrien. Ho har ei lengt bort frå småbyen men også frå morsarven. Vi ser livet gå på godt og vondt og følgjer Kathrine på skulen og i ulike arbeid. Eg les krig og fred, kjærleik og venskap.
Gjennom fortellinga flettast ei sorg etterkvart inn – sorga over å sjå at arbeidet til mor hennar, mormora og farmora dels verte bli erstatta av syntetisk stoff frå Kina. Kvardagsliv og verdspolitikk er del av same vev og eg får gjennom historia ta del i båe deler.
Språket er kort sagt ærleg, lettlest og godt på same tid. Eg flyt lett med. Eg kjenner spenninga vibrere og hjartet mitt banke av medkjensle, gjennom gode og onde dagar og lot meg kort sagt rive med av handlinga, som er godt formidla gjennom eit velfungerande språk og gode menneske-portrett.
Trådane nøstast gradvis opp og eg ser mønsteret som vevast saman. Eg fekk eit større bilete og las og opplevde ei skreddarsydd kjærleikserklæring mellom generasjonane i familien. No er eg også spent på bok fire – der er kanskje alt mogleg, som i krig og kjærleik? Eg set eit hjarte og terningskast fem pluss for denne bokopplevinga. Anbefalast!

