bokanmeldse

Så trist at eg blir glad

Eg likar litteratur som fortel om vanskelege tema på ei god måte, både for vaksne og barn. Eg har lese barnebildeboka Kakerlakken med den stygge frakken – og hovudet fullt av triste tankar av Martine Grande (Samlaget 2013). 

Kakerlakken er redd for å blø, redd for å døy. Men ho er òg redd for å leve. Eg likar litteratur som vågar å fortelje ei annleis historie enn det ein ventar. Eg likar at det er lov å vere trist, også på papiret. Ein treng ikkje servere ei løgn, ein glansa versjon. Boka kunne vore ei hemmeleg dagbok. I stadet er det ei strålande forteljing å vekse på. 

Historia handlar om kakerlakken som får triste, tunge vintartankar. Sola forsvinn. Ho frys, og må ha ein frakk som ho blir erta for. Det gjer ikkje tilværet betre. Ho blir ein einsam ulv. Ho lengtar etter lyset og vonar nordlyset vil hente henne opp til himmelen. Ho kan godt bli henta av ein engel. 

Boka er så trist at eg smilte, allereie før det kom til nokon løysning. Det er sånn eg reagerte sjølv, som barn, om noko var trist og vanskeleg. Eg smilte. Eg hugsar eg lo då ein gut fall av stolen i klasserommet og gret. Eg klarte ikkje stoppe. Eg var ikkje vond, og det var ikkje vondt meint. Det er ikkje alltid det triste får eit rett språk. Eg kunne seie at eg har det bra, også når det ikkje var så bra. 

Boka introduserer oss for diagnosen depresjon. Det er ikkje så vanleg i ei barnebok. Men Grande greier å formidle på ein måte som gjer at dei triste tankane synst, så ein kan forstå utan at ein veit doktorens vanskelege ord frå før. Kjensler til å kjenne att, for store, for små. Boka er rakt fram, legg lite i mellom. Han skildrar mørkare enn eg ville våga, men evnar likevel å gi von. Og velsigne oss for nattsvermarar! Dei kan vere røyndas englar. Eg strålar med ei lampe ved soveromsvindauget. Seksar på terningen. 

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s