bokanmeldse

Slutta ring 

Eg avslutta 2022 med – på årets siste dag – å lese ferdig tredje bok av Carl Frode Tiller i trilogien om annonsen i avisa der David hadde hatt tap av hukommelsen og trong hjelp til å hugse kven han var – før.

Innsirkling 3 (Aschehoug 2014) avslutta på magisk vis året for meg og opna auga mine for litteraturens moglegheiter. Moglegheitene blinkar: Det at ein fyrst kan framstille ei slags «røynd», for så å syne fram enno ei anna verd! Tiller er ein tryllekunstnar både med ord og romanoppbygning. Eg vart overraske tallause gongar.

Denne siste boka landa mange spørsmål i meg frå denne trilogien. Samtidig laga ho eit skikkeleg stort under inni meg for kva som kan bu i eit menneske. Eg vart også forundra over kor ulikt ulike menneske kan oppleve ein og same person. Kor mange finst det då av meg? Eg ler og grøsser ved same tanke.

I dette bindet møter vi ikkje berre brevskrivarane som svarar på kven David har vore og er for dei, men også David sjølv. Det var veldig fint å observere han også frå hans side. Enno ein person! tenkte eg. Han vart enno ei utgåve. Menneskesinna er uutgrundelege, verda er rik og få ting er berre ei historie med berre ein versjon. Plutseleg kjenner eg at alt kvardagsleg er eventyrleg og mytisk.

Eg vil ikkje røpe det som ikkje var slik eg trudde frå byrjinga av i det store og heile i denne storslagne historia. Eg vil berre dele, at dette var ei rik leseoppleving eg er glad eg sette av tid til i 2022. Terningkast fem for denne óg, og eg legg på ein pluss på alle dei tre binda i same rørsla. Har du tid til ikring 1500 sider lesing, er dette eit bokverk som står seg godt i vår tid synst eg, eit verk som gav meg som menneske menneskelege kunnskap og eigne nye erfaringar angåande sosial forståing. Spennande, underhaldande og til ettertanke. Medan eg las, var det fleire gongar eg hadde store vanskar med å leggje frå meg boka! God fornøyelse.

Reklame

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s